Arne Lyngstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arne Lyngstad

Fødd10. mai 1962
Verdal kommune
Død30. mai 2019 (57 år)
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar, historikar, organisasjonsarbeidar
Utdanna vedUniversitetet i Trondheim
Levanger lærerhøgskole
FarArnolf Lyngstad
MedlemDet Norske Totalavholdsselskaps Ungdomsforbund
Det Norske Totalavholdsselskap
Alle verv

Arne Lyngstad (10. mai 196230. mai 2019) var ein Kristeleg Folkeparti-politikar frå Verdal som representerte Nord-Trøndelagstortinget frå 1997 til 2005.

Lyngstad var gjennom 1980-åra aktiv for Det Norske Totalavholdsselskap og for Kristeleg Folkeparti. Han var tilsett i begge organisasjonane, den fyrste tida som sekretær i ungdomsorganisasjonane, seinare som fylkesleiar i Nord-Trøndelag KrFU og deretter leiar i DNTU. I 1990-åra jobba han for Kristeleg Folkeparti. I 1992 vart Lyngstad utdanna cand.philol. i historie ved Universitetet i Trondheim. For hovudoppgåva 'Europa-debatt i den Sosialistiske Internasjonale 1955–63' vart han tildelt Arkivprisen av Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek.

Lyngstad var 1997-2005 stortingsrepresentant frå Nord-Trøndelag. Begge tingbolkane var han medlem i Kyrkje- og utdanningskomitéen, den fyrste fireårsperioden var han nestleiar i komitéen. Ved stortingsvalet 2005 mista Kristeleg Folkeparti sitt einaste mandat i Nord-Trøndelag. Lyngstad var i staden politisk rådgjevar for stortingsgruppa til partiet fram til 2007. Sidan den tid var han direktør for Lukasstiftelsen i Trondheim til han vart sjuk og døydde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]