Arona på Tenerife

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Arona
Flagget til {Mal:Offisielt namn
Flagget til Arona


Plassering
Plassering av  Arona
Styresmakter
Land
Region
Provins
Flag of Spain.svg Spania
Kanariøyane
Santa Cruz de Tenerife
Borgarmeister José Alberto González Reverón
Geografi
Flatevidd
 - By

81,79 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

75 903
  928 /km²
Høgd over havet 610 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 38640
Nettstad: www.arona.org

Arona er ein by sør på øya Tenerife i Kanariøyane i Spania. Han ligg 81 km frå Santa Cruz de Tenerife, hovudstaden på øya. Han har kring 75 000 innbyggjarar og har vokse kraftig dei siste åra på grunn av turistindustrien. Storbyområdet kring byen har kring 120 000 innbyggjarar i lag med Adeje og San Miguel de Abona. I kommunen finn ein turiststader som Los Cristianos, Playa de las Americas, Costa del Silencio og Las Galletas. Her ligg òg Punta Salemas, det sørlegaste punktet på Tenerife.

Området var tynt folkesett då øya vart folkesett. Ei kyrkje vart bygd her på 1600-talet og mot slutten av 1700-talet fekk området status som eit kyrkjesokn. Hovudnæringa fram til 1900-talet var fiske og jordbruk, inkludert kochenille, bananer og kveg. Det var òg eit lite dagbrot i fiskelandsbyen Los Cristianos på 1800-talet.

Etter kvart som staden vart ein turistdestinasjon utover 1900-talet har folketalet auka kraftig. Om lag 60 % av innbyggjarane jobbar i dag i turistindustrien.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]