Tenerife

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tenerife
Satellittbilde av Tenerife frå NASA
Satellittbilde av Tenerife frå NASA
Geografi
Teneriffa map-en.svg
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 28°16′N 16°36′WKoordinatar: 28°16′N 16°36′W
Øygruppe Kanariøyane
Areal 2034,38 km²
Kystlengd 342 km
Høgaste punkt Teide (3718 moh.)
Administrasjon
Land Spania
Provins Santa Cruz de Tenerife
Største busetnad Santa Cruz de Tenerife (221 956 innb.)
Demografi
Folketal 906 854 (2010)
Folketettleik 1126 /km²

Tenerife er den største øya i dei spanske Kanariøyane som ligg i Atlanterhavet utfor kysten av Afrika. Øya har eit areal på 2034,38 km². Ho har 886 033 innbyggjarar (2008), noko som også gjer henne til den folkerikaste øya i Kanariøyane og Spania. Tenerife er eit viktig turistmål i Spania.

Santa Cruz de Tenerife er hovudstaden på øya og sete for øyrådet (cabildo insular). Han er den nest største byen på Kanariøyane etter Las Palmas de Gran Canaria, og er hovudstad i det autonome området Kanariøyane i lag med Las Palmas de Gran Canaria. Mellom 1833 og 1927 var Santa Cruz de Tenerife den einaste hovudstaden på Kanariøyane.[1]

På øya ligg La Laguna universitet, som vart grunnlagd i 1792. Verdsarvstaden San Cristóbal de La Laguna er den nest største bye på øya og den tredje største i øygruppa. På Tenerife ligg òg Teide, det høgaste fjellet i Spania og i Atlanterhavet og den tredje høgaste vulkanen i verda målt frå foten av fjellet. Teide er òg ein verdsarvstad.[2]

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Den eldste fjellkjeda på Tenerife steig opp frå Atlanterhavet under eit vulkanutbrot som skapte øya for rundt tolv millionar år sidan.[3] Øya som ho er i dag vart forma for tre millionar år sidan då tre øyar vart slått saman, med fjellkjedene Anaga, Teno og Valle de San Lorenzo.[3] Den vulkanske aktiviteten på Teide var årsaka til denne samanslåinga. Vulkanen er i dag synleg frå dei fleste stader av øya, og krateret er på det største 17 km på tvers.

Juba II som gav namn til Kanariøyane og kalla Tenerife «Nivaria» etter den snødekte Teide.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den tidlegaste kjende busetnaden på øya er frå rundt 200 f.Kr., eit folk kalla guanchar.[4] Dei var høge og kraftig bygd og såg ut som skandinavar med blå augo og langt, lyst hår. Dei hadde lite teknologi, sjølv etter steinalderstandard, og levde i hòler på øya.[4]

Om lag hundre år før øya vart erobra vart tittelen mencey gjeven til monarken eller kongen av guanchane på Tenerife. Denne rolla vart seinare kalla «kapteinskap» av erobrarane. Tinerfe el Grande, son til mencey Sunta, styrte øya frå Adeje i sør. Då han døydde, gjorde dei ni borna hans opprør og kjempa bittert om korleis øya skulle delast mellom dei. Det vart oppretta to sjølvstendige achimenceyatos på øya, og ho vart delt inn i ni menceyatos, som liknar kommunane som finst her i dag.[5]

Alonso Fernandez de Lugo presenterer dei innfødde kongane på Tenerife for Ferdinand og Isabella

Då Tenerife vart erobra av Spania bestod ho dermed av ni små guanchakongedøme. Spanjolane tapte først stort under Alonso Fernández de Lugo i det første slaget ved Acentejo i 1494, men guanchane måtte til slutt gje etter for betre teknologi og innførte sjukdommar dei ikkje var immune mot, og overgav øya til Castilla den 25. desember 1494 etter å ha tapt slaget ved Aguere og det andre slaget ved Acenterjo.[6]

Mange av dei innfødde vart gjort til slavar, særleg dei som hadde ytt stort motstand under erobringa. Ein god del av dei innfødde omkom òg av sjukdommar som forkjøling og truleg koppar, som dei ikkje hadde immunitet mot. Etter erobringa vart øya kolonisert og folkesett på ny av immigrantar frå Det spanske riket (Portugal, Flandern, Italia, Tyskland). Dei store furuskogane på øya vart hogd ned for å gjere plass til store sukkerrøyrplantasjar i 1520-åra. Dei neste hundreåra var hovudnæringa basert på vin og kochenille, eit karminraudt fargestoff, og dyrking av bananar.

Som med resten av Kanariøyane hadde Tenerife eit nært samband med Latin-Amerika. Frå koloniseringa av Den nye verda tok til, stoppa mange ekspedisjonar på øya på veg til Amerika.[7] Mange familiar emigrerte òg til Amerika frå Tenerife mot slutten av 1600-talet og på 1700-talet. Utflyttinga heldt fram på 1800- og 1900-talet på grunn av økonomiske problem, mangel på råmateriale og den lange avstanden til Europa. Denne utflyttinga gjekk hovudsakleg mot Cuba og Venezuela. I nyare år, etter at turistindustrien vart ei stor næring, har mange flytta til Tenerife igjen, inkludert mange etterkomarar av dei som forlet øya tidlegare.[7]

Britisk invasjon[endre | endre wikiteksten]

Admiral Nelson skadd på Tenerife

Gjennom historia har Tenerife vorte angripen av sjørøvarar frå mange nasjonar og ved fleire høve vorte angripe av nasjonar i krig med Spania.

First Fleet, leidd av den britiske kapteinen Arthur Phillip, stoppa på Tenerife den 3. juni 1787 for å få ferskvatn, grønsaker og kjøt, før han la ut på ei reise til Australia der han skapte den første europeiske busetnaden i Botany Bay. I 1797 invaderte britane Tenerife.[8]

25. juli 1797 sette admiral Horatio Nelson i gang eit åtak på hovudstaden Santa Cruz de Tenerife. Etter harde kampar med store tap oppretta general Antonio Gutiérrez de Otero y Santayana eit forsvar for å slå tilbake invasjonsstyrken. Nelson mista høgrearmen etter han vart råka av kanoneld då han prøvde å gå i land på Paso Alto-kysten.[9] Den 5. september vart det utført eit nytt forsøk på å invadere øya i Puerto Santiago-regionen, men dette vart slått tilbake av innbyggjarane i Santiago del Teide, som kasta stein på britane frå klippene Acantilados de Los Gigantes.

Øya har vorte angripen av mange andre, hovudsakleg engelskmenn, som Robert Blake, Walter Raleigh, John Hawkins og Woodes Rogers.[10]

Moderne historie[endre | endre wikiteksten]

I 1799 klatra naturalisten Alexander von Humboldt til toppen av Teide, og skreiv seinare om den vakre øya. Turistar starta å vitje øya i store mengder i 1890-åra, særleg dei nordlege byane Puerto de la Cruz og Santa Cruz de Tenerife.[11] Santa Cruz de Tenerife var den einaste hovudstaden for Kanariøyane frå 1833 til 1027, då stillinga blei delt med Las Palmas ved dekret.

Før Francisco Franco kom til makta i Spania, var han blitt plassert på Tenerife i mars 1936 av dei republikanske styresmaktene som var vaktsame overfor dei politiske tendensane hans. Franco fekk nyss i dette og på Gran Canaria gjekk han med på å delta i eit militærkupp som resulterte i den spanske borgarkrigen. Kanariøyane fall til nasjonalistane i juli 1936 og motstandarane av innbyggjarane på øya vart utsett for masseavrettingar av det nye regimet. I 1950-åra førte elendet under regimet til at tusenvis utvandra til Cuba og andre delar av Latin-Amerika.

Vulkansk historie[endre | endre wikiteksten]

Det er berre dei fire siste hundreåra ein har skriftlege kjelder om vulkanutbrot på Tenerife. Det første av desse skjedde i 1704, då Arafo, Fasnia og Siete Fuentes hadde utbrot samstundes. To år seinare, i 1706, skjedde det største kjende utbrotet på øya ved Trevejo. Denne vulkanen produserte store mengder lava som gravla byen og hamna Garachico, som i dei dagar av ein av dei viktigaste byane på øya. Det siste utbrotet på 1700-talet skjedde i 1798 frå Cañadas de Teide, i Chahorra. I 1909 hadde Chinyero i kommunen Santiago del Teide utbrot. Det er har ikkje vore nokre utbrot sidan den gong. Ingen av desse fire utbrota førte til tap av menneskeliv.[12]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Teide frå nord i 2006

Tenerife er ei kupert og vulkansk øy som er forma av dei mange vulkanutbrota gjennom tidene.[13]Øya ligg mellom 28º og 29º N og 16º og 17º V. Ho ligg litt nord for den nordlege vendekretsen, sentralt i Kanariøyane mellom Gran Canaria, La Gomera og La Palma. Ho ligg om lag 300 km frå Afrika og 1000 km frå Den iberiske halvøya.[14]

Tenerife er den største øya i Kanariøyane og har eit areal på 2 034,38 km²[15] og den lengste kystlinja på 342 km.[16] I tillegg ligg det høgaste fjellet i heile Spania på Tenerife, Teide, med ei høgd på 3718 meter over havet.[17]

Det ujamne og bratte landskapet på øya har skapt mange forskjellige klima og eit variert landskap, frå Parque Nacional del Teide med store furuskogar ved sidan av det vulkanske landskapet på toppen av Teide og Malpaís de Güímar, til Acantilados de Los Gigantes («Kjempeklippane») med bratte skrentar. Ein finn halvørkenar i sør og mange naturlege strender, som ved El Médano.

Panoramabilete av Las Cañadas del Teide

Klima[endre | endre wikiteksten]

Playa las Teresitas i San Andrés (Santa Cruz de Tenerife).

Tenerife er internasjonalt kjend som «Øya med evig vår» (Isla de la Eterna Primavera).[18]. Øya ligg på same breiddegrad som Sahara og har eit varmt klima året rundt med temperaturar som varierer frå 20-22 °C om vinteren til 26-28 °C om sommaren, med solskin året rundt. Det moderate klimaet på Tenerife vert i stor grad styrt av passatvinden og fukta vinden fører med seg vert i stor grad kondensert over dei nordlege og nordaustlege delane av øya. Dette fører til eit skyteppe mellom 600 og 1800 meter høgd i dette området. Dei kalde havstraumane nær Kanariøyane har òg ein avkjølande effekt på kysten og strendene.

Temperaturane varierer òg med høgda, og om vinteren kan ein nyte den varme sola på stranda, og berre nokre kilometer lenger inn i landet oppleve snø nær toppen av Teide.[19] Det er òg klimaskilnader i lågare høgder, særleg mellom byane Santa Cruz de Tenerife og San Cristóbal de La Laguna. Santa Cruz har generelt varmt klima året rundt, medan La Laguna har litt lågare temperatur og større sjanse for regn.[20]

Mal:Infoboks vêr

Kommunar[endre | endre wikiteksten]

Tenerife høyrer til provinsen Santa Cruz de Tenerife, som er delt inn i 31 kommunar.

Berre tre kommunar på øya grenser ikkje til havet: Tegueste, El Tanque og Vilaflor. Vilaflor er den høgastliggande kommunen i Kanariøyane og setet her ligg 1400 meter over havet.

Den største kommunen, med eit areal på 207,31 km² er La Orotava, som dekkjer det meste av Teide nasjonalpark. Den minste byen på øya og i øygruppa er Puerto de la Cruz med eit areal mindre enn 9 km².[15]

Kommunane på øya er:

Kart over kommunane på Tenerife

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Ei av strendene i Playa de Las Américas

Turisme er den viktigaste næringa på Kanariøyane og øygruppa er ein av dei store turistdestinasjonane i verda. I 2005 vitja nesten 3,5 millionar menneske Tenerife. Flest turistar vitjar sørsida av øya, som er varmare og tørrare enn det er i nord, med store turistsenter som Playa de las Americas og Los Cristianos. Ei ny lov på Kanariøyane har gjort at det no ikkje er lov å byggje fleire hotell på øya med mindre dei er 5-stjernershotell og har tenester som golfbanar eller kongressfasilitetar. Dette vart gjort for å auke turiststandarden og som eit ledd i auka miljømedvit.

Kultur og religion[endre | endre wikiteksten]

Basílica de Candelaria

Som i resten av Spania, er det store fleirtalet av øybuarane medlemmer av Den katolske kyrkja, men talet har lenge hatt ein fallande tendens. Av religiøse tradisjonar kan ein merka seg den årlege pilegrimsferda til Candelaria i august og februar, der truande utfører reisa til den store basilikaen i byen, i nokre høver over 40 km, til fots. Hensikten med denne pilegrimsreisa er å feira jomfru Maria som Vår Frue av Candelaria, vernehelgenen for Kanariøyane.[21]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Real Decreto de 30 de noviembre de 1833 ; Real Decreto de 30 de noviembre de 1833 ved Gobierno de Canarias
  2. Parque nacional del Teide: web oficial de Turismo de Tenerife
  3. 3,0 3,1 «Origins of the island». About Tenerife.com. http://www.abouttenerife.com/tenerife/history.asp. Henta October 15. 
  4. 4,0 4,1 «g». Nido Language Travel. http://www.nidolanguagetravel.com/destinations/tenerife/history-tenerife.aspx. Henta 20. august. 
  5. El Portal de las Islas Canarias
  6. Rumeu de Armas, Antonio (2006). La conquista de Tenerife 1494-1496. Instituto de estudios canarios. ISBN 978-84-88366-57-3. 
  7. 7,0 7,1 Artikkel om kolonisering av Amerika
  8. Instituto de Historia y Cultura Militar de Canarias
  9. Hernández, Pedro (2003). Natura y Cultura de las Islas Canarias. Tafor. ISBN 978-84-932758-0-8. 
  10. Asociación canaria para la enseñanza de las ciencias- Viera y Clavijo
  11. Página web Ayuntamiento Puerto de la Cruz
  12. Instituto Geográfico Nacional
  13. Áreas volcánicas en España (Instituto Geográfico Nacional)
  14. García Rodríguez (1990). Atlas interinsular de Canarias. Editorial interinsular canaria. ISBN 978-84-86733-09-4. 
  15. 15,0 15,1 Estadísticas de la Comunidad Autónoma de Canarias
  16. Instituto Nacional de Estadística
  17. Red de Parques Nacionales (Ministerio de Medio Ambiente)
  18. Página de Tenerife del Gobierno de Canarias
  19. González Morales, Alejandro (2000). Canarias isla a isla (clima). Centro de la Cultura Popular Canaria. ISBN 84-7926-357-1. 
  20. Information of Tenerife Tourism
  21. Artículo periodístico de El Día - en Espagnol

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tenerife