Ars antiqua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ars antiqua eller og ars vetus ('den gamle kunsta') er nemninga på ei musikalsk stilretning som rådde grunnen særleg i fransk musikk i perioden frå 1170 til om lag 1310, då stilen vart avløyst av Ars Nova. Den førande skoleringa innanfor stilen er oftast kalla Notre Dame-skolen, av di det var ved katedralen Notre Dame i Paris at stilen vart halden i hevd, og vart spreidd. Nemninga dekkjer berre kyrkjemusikken i perioden, og tek ikkje med trubadur eller trouvére-musikken, som var verdsleg. Stilen er kjend for å ha skapt motetten.

Dei fleste komponistane som skreiv innanfor Ars Antiqua er anonyme. Berre to namn er kjende: Léonin og Perotin. Det vart skrive mykje ny musikkteori på denne tida, då ein utforska nye rytmer og fleirstemmig song.

Stilen er oftast delt opp i tidleg gotikk og høg-gotikk. Tidleg gotikk rådde fram til om lag 1260, medan høg-gotikken rådde grunnen fram til 1310. I den første tida var det organum og conductus som var mest nytta, medan desse veik for framvoksteren av motetten i den seinare perioden. Den førande komponisten i seinstilen var Petrus de Cruce.

ars nova-stilen voks fram, gjekk ars antiqua av moten heller snøgt, men vart ei tid forsvart av mellom andre Jacob av Liége, som gjekk hardt ut mot den nye stilen. For Jacob var den gamle stilen musica modesta ('sømeleg musikk'), medan den nye stilen var «usømeleg».