Notre Dame-skolen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Notre Dame-skolen er den vanlege nemninga på den musikalske stilretninga som rådde grunnen i den tidlege delen av Ars Antiqua-perioden. Retninga er og kalla Modal-tida, og var rådande frå 1160 til om lag 1250. Stilen hadde utgangspunkt i Katedralen Notre Dame i Paris, og var eit viktig steg i utviklinga frå rein einstemming gregoriansk song til meir samansette og fleirstemmige former.

Det som finst av komponistar frå denne tida, har overlevd einast som namn i traktaten Magnus Liber Organi, skriven av ein anonym engelsk student, kjend som Anonymus IV. Han nemner to leiande komponistar: Léonin og Pérotin.

I den første halvdelen av 1200-talet var Notre Dame-kyrkja eit utviklingsområde for tidleg polyfoni. Organum-stilen hadde høgste tida si her, og vart utvikla på mange ulike vis, heilt opp i fire stemmer: Organum quadruplum, særskild nytta av Pérotin. Skolen utvikla og motetten, frå den eldre clausulaen.

Musikalsk notasjon vart standardisert på denne tida, men det er mange drøftingar om korleis desse notane skal tolkast. Systemet vart meir utarbeidd etter 1250, særskilt av Franco av Köln.

Dei fleste kjeldeskriftene til stilen er datert i tida kring 1250, og finst både i Frankrike og i Spania.