Emalje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gresk kamé frå rundt 325 f. Kr. laga av sardonyks og festa til ei gullplate dekorert med celle-emalje, farga emalje som er påført mellom tynne metalltrådar som ligg på underlaget. Relieffmotivet viser Aleksander den store som Zevs Ammon med horn.
Badekar i støypejern dekka med kvit emalje.
Gammalt emaljeskilt frå tidleg på 1900-talet med reklame for tyske kolbrikettar. Metallskiltet har rusta i kantane, der den vernande emaljen har sprukke og flassa av.

Emalje (fransk émail, frå italiensk smalto, samanheng med 'å smelta') er eit hardt, tynt, glasaktig materiale nytta som overtrekk på metalloverflater. Nemninga kan også brukast om tannemalje, som er det harde, kvite overflatebelegget på tenner.[1]

Ordet emalje kan også brukast om metallarbeid som er utsmykka med emaljedekor og -belegg. Ein person som arbeider med emalje kan kallast ein emaljør.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Emaljering er eit gammalt handverk som er kjend innan gullsmedkunst sidan antikken. Lenge brukte ein emalje til dekor av smykke og kunstgjenstandar, men på 1800-talet tok ein i bruj teknisk emaljering for å verna kjøkken- og sanitærutstyr laga av stål og støypejern. Emaljerte flater ruster ikkje, er slitesterke og lette å halda reine, og emaljering blei derfor særleg brukt til badekar, kokekar og etter kvart også komfyrar og kjøleskap. Det blei også vanleg med emaljerte metallskilt som tolte å stå ute i vêr og vind.

Teknikkar[endre | endre wikiteksten]

Emalje er hard, glatt og tynn glasmasse (glasfluss) eller glasur med eller utan farge. Det kan brukas til å pynta, forsterke eller verna overflaten på gjenstandar av metall, porselen og glas. Emaljering, det vil seia teknikken med å dekorere eller overtrekka ting med emalje, omfattar fleire metodar for å påføra eit underlag emaljepulver og så smelta det fast. Emaljepulver blir laga av glasstøv, smeltestoff, særlig blyoksid, og metalloksid som gjev ulike fargar, eventuelt dei blå fargestoffa zaffer eller smalte.

Emaljetypar[endre | endre wikiteksten]

  • Opak emalje – ugjennomskinneleg, gjennomfarga emalje i ulike fargar
  • Transparent emalje – gjennomskinneleg emalje i ulike fargar
  • Fondant emalje – fargelaus, transparent emalje
  • Opal emalje – halvgjennomsiktleg, ofte iriserande emalje

Emaljeteknikkar[endre | endre wikiteksten]

  • Celle-emalje eller cloisonné (på fransk émail cloisonné) – emaljeteknikk der ein legg emalje i ulike fargar i rommane mellom tynne, oppståande metallband som er lodda fast som «skiljeveggar» på eit metallunderlag
  • Gropemalje (émail champlevé) – teknikk der ein fyller emaljen i groper og spor i metallet
  • Vindusemalje (émail plique à jour) – teknikk der ein fyller transparent emalje mellom metalltrådar utan bunn, slik at emaljen slepp gjennom lys
  • Relieffemalje (émail de basse taille) – teknikk der farga, gjennomsiktig emalje dekker eit nedsenka metallrelieff slik at emaljen får ulike fargenyansar etter kor djupt detaljane i relieffet står
  • Emaljeplastikk (émail en ronde bosse) – teknikk der emaljen dekker høge relieff eller småfigurar
  • Maleremalje (émail peint) – teknikk der ein måler emalje i ulike farger på gjenstanden med pensel før brenning

Ein kan også ta på emalje ved hjelp av dypping, spraying og sikting, med eller utan sjablongar. Ein kan også påføres keramiske dekalar og forgylla.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar