Arto Bryggare

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Arto Bryggare i 2009

Arto Kalervo Bryggare (fødd 26. mai 1958) er ein finsk politikar, og tidlegare friidrettsutøvar frå Kouvola som spesialiserte seg på 110 m hekk. Mellom 1978 og -86 vann han både VM-sølv og EM-sølv, to EM-bronsar og eitt OL-sølv i øvinga. Tolv gongar vart han finsk meister på 110 m hekk, elleve av desse på rad. Han tok dessutan ein sølv og ein bronse i same øvinga, samt vann to sølvmedaljar på 100 m under finske meisterskap. Bestetida 13,35 frå 1984 er framleis finsk og nordisk rekord i 2013.

Friidrett[endre | endre wikiteksten]

Bryggare var berre 17 år gammal då han fekk si fyrste finske meisterskapsmedalje på spesialøvinga 110 m hekk. Etter ein bronsemedalje i 1975, tok han eitt steg opp på sigerspallen i 1976, og ytterlegare eitt i 1977, då han vart finsk meister i øvinga, den fyrste av elleve på rad. Same året vart han junior-europameister på 110 meter hekk.

Året etter sprang Bryggare seg inn i verdseliten på distansen, og vann bronsemedaljen i friidretts-EM 1978 på den gode tida 13,56, finsk og nordisk rekord. Fire år seinare gjentok han prestasjonen i den neste europameisterskapen, då han vann ein ny bronsemedalje. I 1983 tok han sølvmedaljen i korthekkløpet i det alle fyrste VM i friidrett, berre slått av Greg Foster frå USA. Han sette personleg rekord med 13,44 i semifinalane, den fjerde beste tida i verda det året.

Sommaren 1984 deltok Bryggare i sommar-OL 1984 i Los Angeles, og sette i eit forsøksheat personleg rekord på 110 m hekk med tida 13,35 sekundar. I finalen kom han i mål på tida 13,40, noko som gav han bronsemedaljen, USA-amerikanarane Roger Kingdom og Greg Foster sprang fortare. Med denne bronsemedaljen vart Bryggare historisk, ettersom han var den fyrste finske friidrettsutøvaren med meisterskapsmedalje på ein sprintdistanse.

I 1986 tok han medalje i sitt tredje EM på rad. Her vart han berre overgått av den sterke franskmannen Stéphan Caristan. Bryggare kvalifiserte seg også til finalen på 110 meter hekk under VM i friidrett 1987, men trekte seg grunna skade.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Medaljar i nasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • Finsk meister på 110 m hekk i perioden 1977 til -87 og i 1992.
  • Sølvmedalje på 110 m hekk i 1976 og på 100 m 1977 og 1979
  • Bronsemedalje på 110 m hekk i 1975

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Bryggare var i valperiodane 1995-99 og 2003-07 medlem av den finske riksdagen, der han representerte Sosialdemokratane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]