Kouvola

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kouvola
Våpen Kart
Kouvola i Finland
Fakta
Len: Etelä-Suomi
Landskap: Kymenlaakso
Flatevidd (landjord): 2 560,06 km²
Innbyggjartal: 88 215 (2009)
Folketettleik: 34,46 innb./km²
Postnummer:
Retningsnummer:
Ordførar: Lauri Lamminmäki
Språk: finsk
Heimesida til kommunen


Kouvola er ein kommune og by i Finland. Kommunen ligg i landskapet Kymmenedalen i lenet Södra Finlands län. Etter den gamle lensinndelinga var Kouvola hovudstad i Kymmene län. Det bur 31&nbps;242 menneske i Kouvola, viss vi tar med nabokommunane som soknar til Kouvola sentrum blir talet 97 818, det vil seie Finlands niande største byregion.

Kouvola vart i si tid danna ved krysset mellom fire jarnvegar. Etter dette har staden vakse til eit variert sentrum. Jarnvegane er banen via Lahti og Riihimäki til Helsingfors, 2) banen til Kotka, 3) banen til S:t Michel og Pieksamäki, og banen til St. Petersburg. Banen til Russland er viktig for Kouvola, det er særleg ein stor trafikk av olje via jarnvegen frå Russland.

Kouvola er kjend for å ha ei underavdeling av Universitetet i Helsingfors som utdannar tolkar og omsetjarar.

I Kouvola finst det kjende tivoliet Tykkimäki.

Det finske innanriksdepartementet har gjort framlegg om at Kouvola skal bli slått saman med nabokommunane Anjalankoski, Elimäki, Jaala, Kuusankoski og Valkeala.

Bydelar[endre | endre wikiteksten]

  • Eskolanmäki
  • Kankaronmäki
  • Kaunisnurmi
  • Sentrum
  • Kotiharju
  • Käpylä
  • Lehtomäki
  • Ojaniitty
  • Pikku-Palomäki
  • Ravikylä
  • Rekola
  • Sarkola
  • Tornionmäki
  • Vahtero
  • Vahteronmäki
  • Viitakumpu


Kommunar i landskapet Kymmenedalen
Fredrikshamn | Iitti | Kotka | Kouvola | Miehikkälä | Pyttis | Virolahti