Asbjørn B. Syrrist

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Asbjørn B. Syrrist

Fødd19. oktober 1874
Død1953 (78 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkeadvokat, politikar
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
Krigsskolen
Alle verv

Asbjørn Balthazar Syrrist (19. oktober 18743. september 1953) var ein norsk jurist, bladmann og politikar frå Horten i Vestfold. Han var stortingsrepresentant 1913-15 for partiet Høgre.

Etter mellomskule i hovudstaden, utdanna Syrrist seg 1891-93 ved Krigsskulen. Åra 1894-97 arbeidde han som lærar i heimbyen. 1898 var han redaktør i Søndmør Folketidende, frå 1899 hadde han tilsvarande stilling i Tønsbergs Blad i over tjue år. Han var så politimeister 1918-24 i Tønsberg og sidan sakførar i same byen.

I tida 1908-13 var Syrrist medlem i bystyret i Tønsberg. Ved stortingsvalet 1912 vart han vald til å representere einmannskrinsen Tønsberg på Stortinget 1913-15. Han var då medlem av Protokollkomiteen og Komiteen etter Grunnlovas § 75.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]