Vestfold fylke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Vestfold)
Vestfold fylke
fylke
Fylkesvåpen
Land  Noreg
Del av Austlandet
Adm.senter Tønsberg
Areal 2 167,65 km²
 - land 2 092,42 km²
 - vatn 75,23 km²
Folketal 256 432  (1. januar 2024)
Folketettleik 123 / km²
Målform bokmål
Statsforvaltar Per Arne Olsen
Fylkesordførar Anne Strømøy (H)
Fylkesnummer 39
Kart
Vestfold fylke
59°19′ N 10°13′ E
Wikimedia Commons: Vestfold
Nettstad: vestfoldfylke.no

Vestfold er eit fylke i Noreg. Det grensar i nord og nordvest til Buskerud og i vest til Telemark. Fylket er det nest minste i Noreg i areal, men er også fylket med den tredje høgaste folketettleiken i landet. Den største byen i fylket er Sandefjord. Setet for statsforvaltaren og fylkestinget ligg i Tønsberg.

Frå 2020 til 2023 var Vestfold ein del av Vestfold og Telemark fylke.[1] Vestfold vart eit eige fylke att etter reforma av 2024.

Personar som kjem frå Vestfold fylke vert kalla for vestfoldingar.

Natur[endre | endre wikiteksten]

Vestfold har eit rikt dyre- og planteliv grunna tilhøva attmed Oslofjorden. I Vestfold er det 110 område og objekt som er verna etter naturvernloven. Områda utgjer til saman om lag 1,5 prosent av det totale arealet i fylket.[2] Over halvparten av Vestfold er dekt av skog. Vestfold har ein øyrik skjergard med over 500 store og småe øyar.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Vestfold har enkle terrengtilhøve og liten utstrekning og det gjer klimaet einsarta.

Den rådande vinden er nordaustleg om vinteren, og sørvestleg om sommaren. Den sommarlege sjøvinden kan verte ganske sterk og ofte nå kuling styrke i ytre strøk. Februar er den kaldaste månaden i heile fylket, og ved kysten er middeltemperatur kring –1 °C, medan han lengre inne i fylket går ned til kring –5 °C. For juli er middeltemperaturen 16–17 °C.

Årsnedbøren varierer frå kring 700 mm ytst på kysten til opp mot 1200 mm i indre strøk. Mest nedbør kjem det gjerne på ettersomaren, medan det er lite nedbør på våren og forsommaren. Om vinteren får typisk områda nær kysten meir snø enn område aust for Oslofjorden. Kysten har òg ein del tåke, mest om våren. Tåke er observert i kring 3–5 % av observasjonane.

Kommunar[endre | endre wikiteksten]

Folketala i oversynet under er frå SSB per 1. januar 2024.

Nr. Kart Namn Adm.senter Folkemengd Flatevidd
km²
Målform[3] Distrikt
3901
Horten kommune
Horten kommune
 Horten Horten 000000000027939.000000000027 939 000000000000070.370000000070,37 bokmål Tønsbergregionen
3903
Holmestrand kommune
Holmestrand kommune
Holmestrand Holmestrand 000000000026872.000000000026 872 000000000000432.3600000000432,36 bokmål Tønsbergregionen
3905 Tønsberg kommune Tønsberg Tønsberg 000000000059174.000000000059 174 000000000000329.2600000000329,26 nøytral Tønsbergregionen
3907 Sandefjord kommune Sandefjord Sandefjord 000000000066231.000000000066 231 000000000000433.2700000000433,27 bokmål Larvik/Sandefjordregionen
3909 Larvik kommune Larvik Larvik 000000000048715.000000000048 715 000000000000812.6600000000812,66 nøytral Larvik/Sandefjordregionen
3911 Færder kommune Færder Borgheim 000000000027501.000000000027 501 000000000000099.960000000099,96 nøytral Tønsbergregionen
Total Vestfold Vestfold Tønsberg 000000000256432.0000000000256 432 2 177,88 nøytral Østlandet

Tidlegare inndelingar[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare futedøme (fogderi)[endre | endre wikiteksten]

Futedøme (Fogderi)

Tidlegare futedøme

  • ██  Jarlsberg

Andebu, Hof, Holmestrand, Horten, Nøtterøy, Re, Sande, Stokke, Svelvik, Tjøme og Tønsberg

  • ██  Larvik

Lardal, Larvik og Sandefjord

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Til Østfold[endre | endre wikiteksten]

Frå Tønsberg kan ein kome seg over Oslofjorden til Østfold på 35 min. Flybåten går nemleg frå Tønsberg kai til Fredrikstad (Engelsviken).

Ein kan ogso ta Bastø-Fosen frå Horten til Moss som går kvar halvtime 18 timar i døgnet, og er Noregs mest trafikkerte ferjesamband.

Landbruk[endre | endre wikiteksten]

Av Vestfolds totalreal er tjue prosent jordbruksareal, som det høgaste talet i Noreg. Landbruket i Vestfold skapar kvart år verdiar for over ein milliard kronar.

Nesten samtlege erter som vert dyrka i Noreg kjem frå Vestfold, medan femten prosent av dei norske jordbæra vert dyrka i dette fylket. Ti prosent av Noregs morellar vert modna i Vestfold.

23 prosent av alt norsk matkorn vert produsert i Vestfold, medan 23 prosent av Noregs grønsaker og tretti prosent av landets økologiske grønsaker vert produsert i det same fylket.

Potetar, grønsaker, frukt og bær dekkjer berre åtte prosent av fylkets arealar, men utgjer meir enn halvparten av samla fyrstehandsverdi av planteproduksjonen.

Fylkesvåpen[endre | endre wikiteksten]

Fylkesvåpenet som vart brukt fram til 2020.

Fylkesvåpenet er teikna av Hallvard Trætteberg og vart godkjent ved kongeleg resolusjon 30. januar 1970. Motivet er på raud grunn ei gull kongekrone, som skal vise til sambandet fylket har til kongeætta. Fylkesblomen til Vestfold er bøk og fylkessteinen er larvikitt.

Fylkesvåpenet er ein redesigna versjon av fylkesvåpenet for Vestfold fylke frå 1970 til fylkessammenslåinga i 2020.[treng kjelde]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Historisk er Vestfold særleg kjend for ei stor mengd gravrøyser frå bronsealderen, viktige funn av vikingskip, og for det første bysamfunnet i Noreg, Kaupang i Tjølling, aust for Larvik. Fylket har òg ein av dei eldste noverande byane i landet, Tønsberg. I nyare historie har særleg skipsfart og kvalfangst i Sørishavet vore viktig.

Vikingtida[endre | endre wikiteksten]

På 800-talet var det seinare norske riksområdet samansett av om lag 30 smårike. Vestfold utgjorde då, saman med Lier og Eiker i Buskerud, eit eige kongedøme, og lokale høvdingar hadde etablert eit dynasti som seinare kunne samle Noreg til eitt rike. Familien til Harald Hårfagre, den første kongen i Noreg, kom i frå Vestfold.

Nyare historisk forsking sår tvil om dette, og meiner riket til Harald Hårfagre hadde basis på Vestlandet. Ein stiller spørsmål om ikkje småkongane i Vestfold og resten av Viken, i langt større grad enn Snorre gjev inntrykk av, var vasallar under den danske kongen. Dei frankiske riksannalane frå 813 opplyser at to danske kongar, Harald og Reginfred, søner av kong Godfred av Danmark, drog med hæren sin ad Westarfoldam til Vestfold for å slå ned eit opprør. Vestfold er skildra som plassert i den nordvestlegaste delen av riket deira.[4]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Historie og kultur