Asmund Kristoffersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Asmund Kristoffersen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. november 1944 (79 år)
Flakstad
Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet
Asmund Kristoffersen på Commons

Asmund Kristoffersen (fødd 5. november 1944) er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet, fødd i Flakstad i Nordland. Han var stortingsrepresentant for Møre og Romsdal frå 1993 til 2009.

Kristoffersen var i tida 1967 til -75 lærar og seinare rektor ved Sørvågen barne- og ungdomsskole. Tidsrommet 1975-87 var han rektor ved Tingvoll barne- og ungdomsskule og deretter skulesjef i Tingvoll kommune 1987-93, med unnatak for eitt år då han tok vidareutdanning ved Møre og Romsdal Dsitriktshøgskule i Volda.

Perioden 1979-91 var Kristoffersen medlem av kommunestyret i Tingvoll. Frå 1983 til -93 var han i tillegg fylkestingsrepresentant for Møre og Romsdal Arbeidarparti, eit fylkesparti han leia i 1985-86. I 1993 vart Kristoffersen innvald på Stortinget for Arbeidarpartiet i Møre og Romsdal. På Stortinget fekk han plass i sosialkomiteen, ein komite han sat i heilt fram til 2005. Kristoffersen vart med åra ein framskoten talsmann for Arbeidarpartiet sin politikk i sosiale spørsmål og i helsesaker. Dei to siste periodane på tinget var han fyrst leiar og så medlem av fullmaktskomiteen. I den siste fireårsperioden på Stortinget hadde han sete i energi- og miljøkomiteen, samt valkomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]