Astat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Astat er eit grunnstoff med atomnummer 85 som høyrer til halogena. Det er eit svært radioaktivt, fast stoff som er uhyre særsynt i naturen. Forskarar har rekna ut at det til ei kvar tid finst mindre enn ei teskei astat på heile jorda til saman.

Av di stoffet er så uvanleg, veit vi svært lite om det. Ingen kan seia noko om tettleik, struktur osb., for ingen har sett korleis astatatom oppfører seg når det vert mange av dei. Vi veit til dømes ikkje om astat kan leia straum eller kva varmekapasitet eller molarvolum det har.

Spire Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.