Astrid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Namnet astriþr finst på fleire runesteinar frå norrøn tid, mellom anna på U 136 ved Brobry bro i Uppland. Innskrifta seier:
× astriþr × la(t) + raisa × staina × þasa × [a]t austain × buta sin × is × suti × iursalir auk antaþis ub i × kirkum
(Ástríðr reiste desse steinane etter Eysteinn, mannen sin, som angreip Jerusaliem og møtte enden sin i Hellas.)

Astrid og Astri er kvinnenamn av norrønt opphav. Det er sett saman av ás, 'ås' eller 'gud', og fríðr, 'ven'.

Astrid har namnedag den 13. april i Noreg og den 27. november i Sverige.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Namnet Astrid er kjend frå nordisk og tysk namnetradisjon.

Opphav og variantar[endre | endre wikiteksten]

Den norrøne forma av namnet var Ásfríðr eller Ástríðr. Astridh og Æstridh er gammalsvenske former av namnet. Estrith er ei austnordisk form, og namnet Estrid er særleg kjend frå moderne dansk.

Asta kan vera ei kortform av namnet og Sassa er ei svensk kjæleform.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]