Astrid Jacobsen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Astrid Uhrenholdt Jacobsen (fødd 22. januar 1987) er ein norsk langrennsløpar frå Trondheim, busett i Oslo.
Jacobsen slo gjennom i verdstoppen i sprint sesongen 2006/2007, først ved å ta ein overraskande 4. plass i Kuusamo i november 2006. I januar 2007 oppnådde ho den første pallplasseringa si i verdscupen med andreplass på sprinten i estiske Otepää.
Ho vart òg noregsmeister på sprintdistansen i 2007 i Meråker, der ho vann klart føre Marit Bjørgen i finalen. I ski-VM 2007 tok ho gull i sprint, klassisk stil samt bronsemedalje på sprintstaffeten i lag med nemnde Marit Bjørgen.
Ho går for skiklubben Heming.
Meritt [endre]
Ski-VM
- Gull i individuell sprint under Ski-VM 2007
- Bronsemedalje i sprintstafett under Ski-VM 2007