Astrid Løken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Astrid Løken (14. april 191119. januar 2008) var ein norsk entomolog, spesialist på årevingar (Hymenoptera) og særleg humler. Løken var konservator, og seinare førstekonservator, ved Universitetet i Bergen frå 1949 til 1979.

Astrid Løken voks opp i Oslo. Ho vart utdanna ved Universitetet i Oslo, der ho avla cand.real.-eksamen under andre verdskrig (i 1941[1]). Som entomolog var ho knytt til miljøet i Bergen, der ho budde. Då ho gjekk av med pensjon i 1979 flytta ho attende til Oslo.

Motstandsrørsla[endre | endre wikiteksten]

Løken var under andre verdskrig i leiinga av den illegale etterretningsorganisasjonen XU[1]. Ho vart rekruttert våren 1941 medan ho var student ved Zoologisk laboratorium på Blindern. Frå hausten 1941 var ho med i leiinga av organisasjonen og ho klarte å halde det gåande heilt til freden i 1945. Astrid Løken var ein av XU-medlemmene med lengst teneste i organisasjonen. Mange andre måtte flykte til Sverige, men ho klarte å halde seg utanfor okkupasjonsmaktas mistanker. XU var ein organisasjon som var basert på ekstremt hemmeleghald for å redusere skadeverknader av medlemmer som vart tatt til fange. Løken kjente derfor til særs få andre medlemmer. Ein av dei ho samarbeidde med var fysikaren Otto Øgrim som ho kjente frå tidlegare og som òg klarte å halde seg gåande til krigens slutt. Som medlem av sentralleiinga i Oslo var ho ein av de få som kjente til sentralen i Geitemyrsveien 48 og hennar viktigaste arbeidsoppgåver var koordinering og vidareformidling av informasjonen som kom inn til denne sentralen. Mellom anna frakta ho materiale til Øgrim for fotografering.

Astrid Løken utførte òg arbeid for XU i felten. Her kom hennar posisjon som humleforskar til nytte: I 1943 var ho halvannan månad på Hardangervidda i område som var såkalla sperresoner med generelt ferdsleforbod. Løken fekk løyve til dette av di ho skulle samle data om humler. Dette var så sensitivt at det var Reichskommisar Terboven sjølv som måtte gi det endelege løyvet. Med base på Liseth pensjonat kunne ho fritt vandre rundt å fotografere bruer, vegar og terreng sidan området var forbode for nordmenn og tyskarane ikkje var spesielt ivrige på å undersøke fjellheimen[2] I tillegg til all etteretningsinformasjonen samla ho data til ein vitskapeleg publikasjon om humler (publisert i 1950).

I likskap med den andre kvinna i XU's leiing, nestleiaren Anne-Sofie Østvedt, ønska Løken å gløyme arbeidet ho utførte under krigen og ho konsentrerte seg om si biologiske forsking. Det tok næmare 50 år før ho snakka om krigsinnsatsen[1] og ho gav nokre få intervju til sin død i 2008.

Entomologien[endre | endre wikiteksten]

Etter krigen hadde ho eit 1,5 års forskingsopphald i USA. Attende i Noreg fekk ho i 1947 ein stilling som vitskapleg assistent ved Institutt for biavl ved Norges LandbrukshøgskoleÅs. I 1949 vart ho konstituert som konservator ved Zoologisk museum ved Universitetet i Bergen. I 1973 vart ho førstekonservator ved same staden. Hennar største oppgåver ved museet i Bergen var ei omorganisering og utviding av den store insektsamlinga. Ho var òg engasjert i å foreta feltundersøkingar og studiar av insekt og at insektsamlinga måtte omarbeidast for publikasjonar.

Løken si spesialinteresse var humler (Bombus) og her gjorde ho omfattande feltarbeid i store delar av Noreg. I 1973 resulterte dette i hennar store monografi Studies on Scandinavian Bumble bees.[3] som danna grunnlaget for hennar dr. philos. grad. Ho publiserte fleire artiklar om lushatthumle (Bombus consobrinus) og denne sitt tilhøve til tyrihjelm (oks. lushatt, Aconitum lycoctonum ssp. septentrionale), planta som har gitt humla det norske namnet og som er den aller viktigaste kjelde til næring (i hovudsak nektar) for humla.

Astrid Løken var i ei årrekke aktiv i Norsk entomologisk forening. Ho var det første kvinnelege medlem i foreininga. Ho vart i 1991 æresmedlem i foreininga.

Då ho flytta attende til Oslo, som pensjonist, fekk ho arbeidsplass ved Zoologisk institutt, UiO. Ho held fram arbeidet sitt på humler. Ein periode var ho seniorforskar i NAVF og publiserte eit større arbeid om slekta gaukhumler (Bombus tidl. Psithyrus). Ho har òg utgitt to hefte i serien Norske Insektabeller om humler og om stikkeveps.

Publikasjonar[endre | endre wikiteksten]

… mangelfull liste.
  • Løken, Astrid. 1949. Bumble bees in relation to Aconitum septentrionale in Central Norway(Øyer). Nytt Mag. Naturvid. 87. Side 1-60
  • Løken, Astrid. 1950. Bumble bees in relation to Aconitum septentrionale in Western Norway(Eidfjord). Norsk entomologisk tidsskrift 8. Side 1-16
  • Løken, Astrid. 1961. Bombus consobrinus Dahlb., an oligolectic bumble bees Hymenoptera, Apidae). XIth Int. Congr. Ent. 1960. 2. Side 517-522
  • Løken, Astrid' 1973. Studies on Scandinavian bumble bees (Hymenoptera, Apidae). Norsk entomologisk tidsskrift 20. Side 1-218.
  • Løken, Astrid. 1985. Humler.Norske Insekttabeller Nr. 9 2. utgave 1992.
  • Løken, Astrid. 1987. Stikkeveps.Norske Insekttabeller Nr.11

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Sæter, E. og Sæter, S. 1995. XU - i hemmelig teneste 1940-1945. Samlaget, Oslo
  2. Kvalvaag, H.K. 2007. Humleforskar med hemmeleg bistilling, Hubro 14(4): 22-23.
  3. Løken, Astrid 1973. Studies on Scandinavian bumble bees (Hymenoptera, Apidae), Norsk entomologisk tidsskrift 20(1): 1-218

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Ottesen, Preben (red.); Simonsen, Jan Henrik; Tunstad, Erik. 1986. Temanummer: Entomologi i Norge 1986. Insekt-Nytt 11 (2) s 19.
  • Sæther, Svein. 2007. På tomannshånd: Sterk engel (96), Dag og Tid, Nr 47, 23. november, s. 20-21.
  • Sømme, Lauritz. 2001. Astrid Løken 80 år, Insekt-Nytt, 16(1) Side 21-23.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]