Athanarik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Athanarik, opphavleg gotisk Athanareiks, var konge over vestgotarane i Dacia frå om lag 369 til 381.

Livet til Athanarik er skrive ned av Cassiodorus og seinare av Jordanes. Han er óg nemnd hjå Ammianus Marcellinus. Athanarik var førar for den ætta som kalla seg baltharane, «dei djerve». Far hans var i si tid komen til Konstantinopel som gissel, og batt sonen med ein eid om å aldri setja fot på romersk land. Livet til Athanarik vart prega av romersk politikk, av delinga mellom aust og vest frå 365, og av hunar-invasjonen ti år etter. Romarane på denne tida rekna han som ein dyktig diplomat, meir av ein talsmann for ei rekkje gotarhovdingar enn som einekonge. Dette kan tyde på at visigotane ikkje hadde samla seg under ein konge enno på denne tida.

I 367 gjekk romarane over Donau og sette i gang ein ufred som vara i to år. Athanarik greidde å sleppe frå den romerske hæren fleire gonger, og heldt folket utanfor direkte kamp. Visigotane vart hardt trengde i desse åra, men Athanarik heldt ut. Historikarane meiner Athanarik gjorde klokt i å halde seg frå å slost ope med romarane, av di han soleis berga visigotane frå å bukke heilt under. Framgangsmåten hans sleit romarane ut, og dei kom til fredsavtale i 369. Fredsslutninga ergra romarane, som laut handsame gotarfolket som var dei likemenn. Samstundes fekk Athanarik løyve tïl å forfylgje dei kristne. Dette vara ved til 372. Athanarik var konservativ, og var redd kristendomen skulle øydeleggje dei gamle gotiske tradisjonane. Men den nye religionen hadde alt godt grep, og kunne ikkje ryddast ut. Forfylgjinga splitta visigotane, og dei kristne samla seg under sin eigen leiar, Frithigern.

Spliden i folket svekka einskapen deira, og førde til store vanskar. Dette synte seg særskild då hunarane kom i 376. Sommaren det året førde Athanarik ein stor hær til vesterbarden av elva Dnjestr, og sette opp eit landevern og ein borg. Dette vart teke av hunarane, og gotane laut dra seg attende. Dei vart slegne fleire gonger og var nøydde til å rømme landet. Det var især dei kristne gotarane som søkte ly på romersk område, medan folka til Athanarik drog seg opp i Karpatane. Her vart flokken med tida svelta ut, og Athanarik laut sistpå søkje tilflukt i Konstantinopel. Han vart motteken her 11. januar 381. Han døydde to veker seinare, og vart gravlagd i byen etter romersk skikk. Det er tydeleg at keisaren no såg han som etterfylgjar av Frithigern og gotisk konge, sjølv om det var tydeleg at visigotane ikkje var sameinte under ein hovding før under Alarik.

Jordanes skriv: (Keisaren) knytte til seg med gåvor kong Aitanarik, som då hadde fylgt etter Fritigern, og bad han so blidsleg at han måtte koma og vitja honom i Konstantinopel; og Aitanarik kom meir enn gjerne, og drog inn i keisarbyen. Då glåpte han: «Nei og nei,» ropa han, «her ser eg med augo det eg tidt hev høyrt tale um og aldri vilde tru!» - han meinte gjetordet um storbyen. Augo sveiv hausen; snart bisna han på korleis byen låg til, og skipsferdsla, snart glåpte han på dei vidgjetne murane, og på alle dei folkeslag som der strøymer saman... og keisaren synte honom større heider, og dreiv honom endå lenger soleis. Få månader etter gjekk han or heimen (381). (Frå latin ved Sigmund Skard).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]