Wallia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wallia

Statsborgarskap Vestromarriket
Fødd
Død

419
Toulouse

Yrke herskar
Far Athanarik
Wallia på Commons
Wallia

Wallia, Valia eller Valja er rekna som den fjerde kongen over vestgotarane og den andre etter at dei kom til Spania. Han tok over etter Athaulf. Wallia fullførte den gotiske hertakinga av Spania. Han rådde frå 415 til 418.

Wallia vart vald frå ei rekkje med kongsemne etter at Athaulf var fallen. Opphavleg var han esla til å halde fram med krigen mot romarane, men laut først kome i rette med andre vanskar: det fanst ikkje mat. Visigotane kom seg over Den iberiske halvøya utan vanskar, og Wallia esla seg til Afrika. Han vart stansa i dette av di visigotane ikkje kunne stort om sjøfart. For å skaffe korn laut Wallia gå inn på audmjukande vilkår med romarane, og gje over Galla, enka etter Athaulf.

I Spania førte Wallia krig mot vandalane og alanane, men dei let svebarane vera.

Wallia laut stri med krava den romerske keisaren sette til kvar gotarane kunne slå seg ned, og at keisaren la seg opp i kvar grensene for landet skulle gå. Keisaren rekna seg framleis som øvste leiar av dei landa som no var skjenkt til visigotane. Soleis laut Wallia framleis finne seg i å vera vasall under keisaren.

Jordanes skriv: «Gotekongen Valja rasa so fælsleg mot vandalane at han jamvel vilde sett etter deim til Afrika, um han ikkje hadde vorte stogga av same ulukka som hende Alarik fyrr då han vilde yver. Då han hadde vunne eit strålande namn i Spania og ein ublodig siger, drog han seg attende til Toulouse. Han jaga ut fiendane or nokre provinsar og lét romarriket få deim, soleis som han hadde lova. Lang tid etter vart han sjuk og gjekk or heimen.» (Gotesoga, omsett av Sigmund Skard).

Wallia i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Wallia er truleg utgangspunktet for forteljingane om den visigotiske sogekongen Walter av Aquitaine.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]