Ato Boldon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ato Boldon (fremst) etter å ha vunne sølv i OL i Sydney i 2000. Vinnar Maurice Greene i bakgrunnen.
Foto: Jimmy Harris.

Ato Jabari Boldon (fødd 30. desember 1973 i Port of Spain) er ein tidlegare sprintar frå Trinidad og Tobago. Boldon held den nasjonale rekorden på 50, 60 og 200 meter sprint. Fram til nyleg heldt han også nasjonalrekorden på 100 m sprint på 9,86, men denne vart slått med ein hundredel av Richard Thompson i 2011.

Aktive år[endre | endre wikiteksten]

I 1988 flytta Ato Boldon til byen New York, der han begynte å spela fotball. Det var friidrettstrenaren på skulen hans i New York som oppdaga det unge fotballtalentet og oppmuntra han til å trena sprint. Han heldt likevel fram med fotballen også. I 1990 flytta han til San José i California for å gå på high school, der han fortsatte treninga og stadig forbetra tidene sine.

I 1992 OL-debuterte Ato Boldon på sommar-OL 1992 i Barcelona der han deltok på 100 meter og 200 meter sprint, men utan å kvalifisera seg til finalen. Derimot vann han gullmedaljar på dei same distansane seinare same året under junior-VM i Seoul. Han deltek også på VM i friidrett 1995 i Göteborg, der han spring inn til bronse på tida 10,03.

I 1996 går Ato Boldon på college. Han spring no 100 meter på under ti sekund, med årsbeste på 9,93. Han representerer igjen Trinidad og Tobago i sommar-OL 1996 i Atlanta. I finalen spring han 100 meter på 9,90, berre slått av Donovan Bailey og namibiske Frankie Fredericks. 200 metersfinalen fullførte han på 19,80, med Michael Johnson på fyrsteplass og Fredericks på andre. Ato Boldon vart no éin av dei fyrste seks mennene i historia til å springa 100 meter på under 10 og 200 meter på under 20 sekund.

I 1997 pressa Ato Boldon sin personlege 100-metersrekord ned på 9,89. Under VM i friidrett i Athen vart han verdsmeister på 200 meter på 20,04 framfor Frankie Fredericks. På 100 meter fekk han plutseleg krampe, og greidde difor berre ein femteplass på 10,02.

Året etter spring han 100 meter på 9,86, og held fram den gode utviklinga i 1999, før han utviklar ein skade og må avslutta sprintsesongen tidleg. Dette skapte utfordringar for han året etter, då det blei arrangert sommar-OL i Sydney. Likevel vann han her sitt første olympiske sølv på 100 meter sprint, med Maurice Greene på fyrsteplass. På 200 meter vann han ein ny olympisk bronse til heimlandet.

Under VM i friidrett 2001 i Edmonton var Boldon plaga med ryggskadar. Han greidde i utgangspunktet ein fjerdeplass på 100 meter med tida 9,98, men då amerikanaren Tim Montgomery seinare vart fråteken sølvmedaljen for doping, vart Ato Boldon si tid oppgradert til bronse. Dopingdommen øydela også for heile det USA-amerikanske laget på 4 x 100 meter stafett, som vann gull i 2001. Denne gullmedaljen vart i staden gjeven til Sør-Afrika, og Trinidad og Tobago med Ato Boldon på ein av distansane, fekk sølv.

Ato Boldon kjende seg i aukande grad lei av sprintkarrieren i 2002. Det vart ein dårleg sesong der han aldri sprang raskare enn 10,23, og på toppen av det heile vart han påkøyrt av ein berusa sjåfør i Trinidad. Boldon gjorde likevel eit mindre comeback i 2003, då han greidde 100 meter på 10,09. Under sommar-OL 2004 i Aten gav han seg etter eit skuffande første heat på 100 meter sprint. Etter dette kunngjorde Ato Boldon at han avslutta sprintkarrieren sin.

Etter karrieren[endre | endre wikiteksten]

Etter 2004 har Ato Boldon vore involvert i politikk i heimlandet ein periode, men i 2007 han ja til å bli trenar for det olympiske friidrettslaget til Saudi-Arabia.

Ato Boldon har vorte ein populær sportskommentator for amerikanske CBS og NBC dei seinare åra. Han kommenterte friidrett under både sommar-OL 2008 og 2012 for NBC. I 2012 vart han nominert til Emmy-prisen for sportskommentarane, men vann ikkje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]