Atomisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Atomismen var ei filosofisk retning først formulert av Leukippos frå Milet. Den mest kjende atomisten er Demokrit som var elev av Leukippos.

Atomistane tenkte seg at alt i verda var bygd opp av atom. Atom kjem av det greske ordet atomos som tyder udeleleg. Atoma var altså dei minste byggjeklossane som alt var bygd opp av. Desse atoma skulle ha geometriske og målbare eigenskapar slik som til dømes storleik, form, posisjon og rørsle, ikkje kvalitetar slik som elementa åt Empedokles (tørr/våt, kald/varm). Forandring og rørsle hende ved at atoma gjekk inn i nye kombinasjonar og flytta på seg. Desse nye kombinasjonane oppstod i tomrom. Atoma var udelelege og vart ikkje forandra. Atomistane meinte at menneska oppfatta stoffa fordi atoma sendte ut partiklar som sansane kunne oppfatte. Kvalitetar som farge, varme og smak vart ikkje formidla av desse partiklane, men laga av sjela etter at dei målbare eigenskapane var oppfatta.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.