Tales frå Milet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tales var ein filosof frå Milet som levde på 500- og 600-talet før vår tidsrekning og er rekna for å vera ein av dei fyrste store tenkarane i vestleg filosofi (/gresk filosofi) som vi kjenner til. Han var son av Examyes og Cleobuline. Dei fleste kjeldene fortel at foreldra hans kom frå Milet, men somme hevdar at dei var fønikarar. Tales studerte i Egypt der han fekk kjennskap til egyptisk og sumerisk mytologi. Han spådde ei solformørking som astronomar har komme fram til truleg hende i år 585 f.Kr..

Thales er den fyrste greske filosofen, vitskapsmannen og matematikaren vi kjenner til, sjølv om han hadde virket sitt som ingeniør. Han var truleg lærar for Anaksimander og han var den fyrste naturfilosofen i den milesiske skolen. Ingen av verka hans har overlevd til i dag, så det er vanskeleg å vera sikker på dei matematiske oppdagingane hans. Sjølv på tida til Aristoteles var det ingen som lenger hadde tilgang på verka hans, om han da i det heile skreiv nokon.

Fem euklidske teorem som ennå blir brukt i matematikken, blei oppdaga og bruka av Thales. Det mest kjende av desse teorema er truleg det at ein trekant teikna inni ein halvsirkel er ein rettvinkla trekant. Thales førte ikkje matematiske bevis slik vi gjer i dag. Som ingeniør var han meir praktisk retta og prøvde ut forskjellige storleikar og vinklar til han til slutt konkluderte med at det sannsynlegvis var riktig.

Som ein av dei fyrste vitskapsmennene meinte Tales at vatnet var «urstoffet» til alle ting eller det alt anna var bygd opp av (arkhe). Han oppdaga at rav hadde elektriske evner, og lett trekte til seg strå etter å ha blitt gnidd. På denne måten gav han namn til elektron, som vi nyttar den dag i dag. Tidlegare hadde elektron berre tydd «rav».

Kjelde[endre | endre wikiteksten]