Atto Melani

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Atto Melani (30. mars 16264. januar 1714) var ein kjend italiensk kastratsongar som også verka som diplomat og spion.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Melani var fødd i Pistoia i Toscana som den tredje av sju søner av ein klokkeringar. Som ung blei han kastrert for å kunne bli kastratsongar. Det same skjedde med tre av brørne og to av syskenbarna hans.[1] Brørne Alessandro Melani og Jacopo Melani blei også betydelege komponistar.

Adelsmannen Mattias De' Medici blei mesen for Melani, og sende han til Roma for å studera under Luigi Rossi og kastratsongaren Pasqualino. Talentet hans førte han til det franske hoffet i Paris, der han blei knytt til «den grå eminensen» kardinal Mazarin som spion og diplomat. Kardinalen sende han på fleire oppdrag rundtom i Europa, og Melani blei etterkvart fransk borgar og kammerjunker ved det franske hoffet.

Atto Melani hadde ein mykje omtykt rolle som Orfevs i operaen Orfeo av Rossi, som hadde premiere i Firenze i 1647. I 1652 opptrådde han i Modena med La Gara delle stagioni av Crivelli. Han spelte også i ballettar av den franske komponisten Lully, som L'Amour malade frå 1657, der han spelte «l'Amour» (kjærleiken). Saman med ein broren Francesco Maria, som også var kastrat, framførte han Cavalli sin opera Xerse både i Venezia og seinare i Paris.

Etter at Mazarin døydde i 1661 fekk Melani politiske problem, særleg ved arrestasjonen av Nicolas Fouquet, som hadde kopiar av brev Melani hadde gjeve han. Som følgje av dette dømde kong Ludvig XIV han til eksil, og Melani levde dei neste 15 åra i Roma. Der arbeidde han for kardinal Giulio Rospigliosi, som var frå fødebyen hans Pistoia, og seinare blei utnemnd til pave Klemens IX. Melani heldt også kontakten med Maria Mancini, ei niese av Mazarin, gjennom ei brevveksling som varte i over 40 år.

Ludvig XIV var særs nøgd med utnemninga av pave Klemens IX, og opphevde eksilet til Melani. Songaren blei gjeven ein ærestittel og ei årleg løn. Han fortsette si diplomatiske verksemd mellom italienske og tyske statar, rådgav den franske kongen og skreiv fleire bøker. Melani hadde sin siste opptreden ved Palazzo Colonna i 1668. Han døydde 88 år gammal i Paris, og etterlét seg fleire flotte bygningar, lagerhus og ei stor boksamling.

I kulturen[endre | endre wikiteksten]

Melani er blitt skildra i ein serie romanar av Rita Monaldi og Francesco Sorti: Imprimatur, Secretum og Veritas . Forfattarane gav ut ein del dokument skrivne av Melani, mellom anna eit brev til Ludvig XIV.[2]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Roger Freitas (2009), Portrait of a Castrato: Politics, Patronage, and Music in the Life of Atto Melani (New Perspectives in Music History and Criticism), Cambridge University Press, ISBN 978-0521885218 .

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Roger Freitas, Portrait of a Castrato: Politics, Patronage, and Music in the Life of Atto Melani, University of Rochester, 2009
  2. Monaldi and Sorti, Imprimatur, 2007