Jean-Baptiste Lully

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jean-Baptiste Lully

Fødd28. november 1632
FødestadFirenze
Død22. mars 1687 (54 år)
DødsstadParis
OpphavKongedømet Frankrike, Storhertugdømet Toscana
PeriodeBarokken
Aktiv1647–1687, 1687
Sjangeropera, klassisk musikk, ballett
Instrumentfiolin
Verka somKomponist
Gift medMadeleine Lambert
BornLouis Lully, Jean-Baptiste Lully fils, Jean-Louis Lully

Jean-Baptiste de Lully (italiensk Giovanni Battista di Lulli; 28. november  163222. mars 1687) var ein italiensk komponist som det meste av livet sitt arbeidde i hoffet til Ludvig XIV av Frankrike. Han vart fransk borgar i 1661.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Portrett av Jean Baptiste Lully i 1670-åra

Lully vart fødd i Firenze i Italia. Lully hadde lite utdanning, men var eit naturtalent på gitar, som han lærte hos ein fransiskanarmunk i Firenze. Han lærte seg seinare å spele fiolin og å danse. I 1646 vart han oppdaga av Roger de Lorraine, chevalier de Guise, son av Charles, hertug av Guise som tok han med seg til Frankrike, der han gjekk inn i teneste hos Mademoiselle de Montpensier (la Grande Mademoiselle) som kjøkengut og italiensklærar. Med hjelp av denne prinsessa vart talentet hans større. Han studerte musikkteori under Nicolas Métru. Det vart sagt at ein grov song om vernerinna si (eit burlesk vers han sette musikk til som omhandlar «sukket» ho lagde medan ho var på toalettet), førte til at vart sagt opp. Det er meir truleg at han ikkje ville visne bort i provinsane med prinsessa, som var i eksil.[treng kjelde].

Han kom i teneste hos Ludvig XIV seint i 1652, tidleg i 1653 som dansar. Han komponerte noko musikk for Ballet de la nuit, som kongen var særs nøgd med. Han vart utpeikt som komponist av instrumentalmusikk for kongen, og leia 24 fiolinar i Grande Bande (storband). Han var lei av mangelen på disiplin i Grande Bande i Les Vingt-quatre Violons du Roi og med løyve frå kongen oppretta han sitt eige Petits Violons.

Lully komponerte mange ballettar for kongen i 1650- og 1660-åra, der både kongen og Lully sjølv deltok i dansen. Han hadde òg særs stor suksess med musikk for komediane til Molière, mellom anna Le Mariage forcé (1664), L'Amour médecin (1665) og Le Bourgeois gentilhomme (1670). Det var då han møtte Molière at dei i lag skapte comédie-ballet. Interessa til Louis XIV for ballett forsvann gradvis etter kvart som han vart eldre og ikkje kunne danse like godt lenger (den siste framføringa hans var i 1670), så Lully gav seg ut på opera. Han kjøpte privilegium for opera frå Pierre Perrin og med støtte frå Jean-Baptiste Colbert og kongen, skapte han eit nytt privilegium som i røynda gav Lully total kontroll over all musikk som vart framført i Frankrike fram til han døydde i 1687.

Han vart kjend for å vere utsvevande. I 1661, i naturaliseringsbreva og i bryllaupskontrakten med Madeleine Lambert, dotter til venen av Lully og musikaren Michel Lambert, kalla Giovanni Battista Lulli seg sjølv «'Jean-Baptiste de Lully, escuyer' son av 'Laurent dei Lully, gentilhomme Florentin'».[1] Sjølv om livet hans var full av suksessar, førte kjærleiksaffærane med både menn og kvinner til mange skandalar, til ubehag for Ludvig XIV. Trass i desse skandalane, klarte han alltid å få nåde hos Ludvig, som såg på Lully som ein naudsynt del av den musikalske underhaldninga ved hoffet og som såg på Lully som ein av sine få nære vener.

Den 8. januar 1687 leia Lully ein Te Deum til ære for at Ludvig XIV hadde vorte frisk etter ein sjukdomsperiode. Han heldt takten med å slå ein lang stav i golvet (ein forgjengar til taktstokken), som var vanleg på denne tida. Staven trefte tåa hans og han fekk ein byll. Han fekk kaldbrann i såret, men Lully nekta å få tåa amputert og kaldbrannen spreidde seg. Dette førte til at han døydde den 22. mars. Den siste operaen hans, Achille et Polyxène, var uferdig. Dei to sønene hans Jean-Louis Lully og Louis Lully hadde òg musikalske karrierer ved det franske hoffet.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Jean-Baptiste Lully sin Alceste Ballet i marmorgardsplassen i Versaillesslottet, 1674

Musikken til Lully er frå mellombarokken, frå 1650 til 1700. Typisk for barokkmusikk er bruken av basso continuo som drivkrafta bak musikken.

Musikken til Lully er kjend for krafta, for å vere livleg med raske satsar og djup kjenslemessig karakter i dei triste satsane. Somme av dei mest populære verka hans er passacaille (passacaglia) og chaconne som er dansesatsar ein finn i mange av verka hans, som Armide og Phaëton.

Musikken til Lully hadde ein radikal innverknad i dansestilane i sjølve hoffet. I staden for langsame og staselege satsar, som hadde dominert fram til då, innførte han livlege ballettar med raske rytmar. Han gjorde utbetringar i samansettinga av orkesteret, og han innførte fleire nye instrument. Med venen Molière skapte han ei ny musikkform, comédie-ballet som kombinerte teater, komedie og ballett.

Instrumenta i musikken hans var fem strykarstemmer, som dessus (ei høgare stemme enn sopran), haute-contre (ei slags høgare tenorstemme), taille (baritenor), quinte, basse), delt som følgjer: ei stemme for fiolinar, ei stemme for bratsjar, ei stemme for cello og basse dei viole (viole, viola da gamba). Han nytta òg gitar, lutt, erkelutt, teorbe, cembalo, orgel, obo, fagott, blokkfløyte, fløyte, messingblåseinstrument og forskjellige rytmeinstrument.

Lully grunnla fransk opera (tragédie en musique eller tragédie lyrique), etter at han meinte den italienske operastilen ikkje høvde for fransk språk. Han fann ein høvande diktar og librettist i Philippe Quinault, og komponerte mange operaer og andre verk, som vart godt mottekne. Lully kan reknast som grunnleggaren av fransk opera og forsaka den italienske metoden med å dele dei musikalske nummera inn i fråskilde resitativar og ariar, og valde i staden å kombinere dei to for dramatisk effekt. Lully valde òg ein raskare utvikling av historia, som høvde betre for det franske publikum.

Kulturelle referansar[endre | endre wikiteksten]

Tilhøvet mellom Ludvig XIV og Lully vart skildra i den franske filmen av Gérard Corbiau, Le Roi danse (Kongen dansar) i 2000.

Media[endre | endre wikiteksten]

Le Bourgeois gentilhomme framført av Advent Chamber Orchestra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The New Grove: French Baroque Masters; Lully, Charpentier, Lalande, Couperin, Rameau

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Scott, R.H.F. (1973). Jean-Baptiste Lully. London: Peter Owen Limited. ISBN 072060432X. 
  • Stanley, Sadie; Rosow, Lois (1992). «Lully, Jean-Baptiste». The New Grove Dictionary of Opera. London: Macmillan. ISBN 0333734327. 
  • Green, Robert A. (2002). «Lully, Jean-Baptiste». glbtq Encyclopaedia. glbtq.com. Arkivert frå originalen 11. oktober 2007. Henta 17. juli 2010. 
  • Heyer, John Hajdu, red. (2000). Lully Studies. Cambridge, UK: Cambridge University Press. ISBN 0521621836. 
  • Giannini, Tula. "The Music Library of Jean-Baptiste Christophe Ballard, Sole Music Printer to the King of France, 1750 Inventory of his Grand Collection Brought to Light."

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Jean-Baptiste Lully