Aud Kolberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aud Kolberg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. september 1957 (66 år)
Yrke diplomat

Aud Kolberg (fødd 30. september 1957) er ei norsk statstenestekvinne.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Kolberg har cand.mag. i historie, sosialøkonomi og statsvitskap frå Universitetet i Oslo i 1982. To år etter blei ho cand.polit. ved same universitet.[1]

Virke[endre | endre wikiteksten]

I 1985 fekk Kolberg jobb i Utanriksdepartementet som underdirektør i perioden 1995–98.[2] Kolberg var ministerråd ved ambassadane i New Delhi i India i perioden 1998–2001 og Washington D.C. i USA i perioden 2006–09. Ho hadde også eit opphald i Afrikabanken i AbidjanElfenbenskysten. Så var ho ekspedisjonssjef i 2009–14 og assisterende utanriksråd i 2014–17.

I 2017 blei Kolberg utnemnd til ambassadør ved den norske ambassaden i København.[3] I januar 2021 blei Kolberg utnemnd til ambassadør ved den norske ambassaden i Stockholm.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Aud Kolberg fra altinget.dk.
  2. Aud Kolberg hos snl.no.
  3. Hils på vår nye ambassadør! Arkivert 30. august 2019 på Wayback Machine. fra norway.no den 15. november 2017.
  4. Offisielt fra statsråd 22. januar 2021 frå Regjeringen.no