Augetrøst
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Augetrøst | ||
| Systematikk | ||
| Rike: | Plantae | |
| Rekkje: | Spermatophyta | |
| Underrekkje: | Angiospermae | |
| Klasse: | Eudicotyledonae | |
| Orden: | Lamiales | |
| Slekt: | Euphrasia | |
| Vitskapleg namn | ||
| Euphrasia | ||
Augetrøst, augnetrøyst osb., au kalla svoleblom (Euphrasia), er små eittårige planter i leppeblomfamilien. Nyare gransking viser at augetrøst står genetisk nær snylterotfamilien, og vert gjerne rekna til denne. Augetrøsten er ein halvsnyltar, noko som vil seie at dei delvis utfører fotosyntese og produserer organisk stoff sjølve, og delvis stel ferdig næring frå røtene til andre planter.
Augetrøst er ein vanleg art med mange nærtståande artar. Han veks frå havnivå og opp til høgfjellet. Namnet har han fått fordi han tidlegare vart mykje nytta som augemedisin.
Desse artane veks vilt i Noreg:
- Lyngaugnetrøst (Euphrasia micrantha)
- Storaugnetrøst (Euphrasia rostkoviana)
- Strandaugnetrøst (Euphrasia bottnica)
- Vanleg augnetrøst (Euphrasia stricta)
- Gråaugnetrøst (Euphrasia nemorosa)
- Fjellaugnetrøst (Euphrasia frigida)
- Tromsøaugnetrøst (Euphrasia hyperborea)
- Shetlandsaugnetrøst (Euphrasia borealis)
- Skottlandsaugnetrøst (Euphrasia scotica)
- Lappaugnetrøst (Euphrasia lapponica)
[endre] Kjelder
- «Augetrøst» i Caplex.