Augusto César Sandino

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Augusto César Sandino (midten) på veg til Mexico

Augusto Nicolás Calderón Sandino[1] (18. mai 189521. februar 1934) var ein nicaraguansk motstandsleiar. Han leidde i 1927-1933 motstanden mot det militære nærværet til USA i Nicaragua. Han var hovudinspirator for FSLN, som gjennomførte ein revolusjon i Nicaragua i 1979.

Sandino vart fødd som uekte son av ein landeigar og ei bondejente.[1] Fram til han var 26 år gammal dreiv han for det meste med jordbruksarbeid. Utover i 20-åra tok han arbeid som funksjonær i fleire USA-eigde selskap i Mellom-Amerika. i 1923 kom han til Mexico, der han arbeidde som mekanikar i eit USA-eigd oljeselskap. På den tida gjekk det føre seg arbeidskampar mot dei amerikanske selskapa. Den sterkt nasjonalistiske og fiendtlege haldninga til USA ser ut til å ha vore medverkande til hans seinare politiske haldningar.

I 1926 reiste han attende til Nicaragua og slutta seg til motstanden mot USAs militære nærvær. Då Sandino kom til Nicaragua heldt det akkurat på å bryte ut eit nytt liberalt opprør. Sandino organiserte og væpna derfor ei gruppe av gruvearbeidarar, som slutta seg til det liberale opprøret. Opprørarane, som hadde fått støtte av Mexico, var nær ved å ta hovudstaden Managua då USA intervenerte på dei konservative si side. Sandinos troppar var dei einaste som ikkje å slutta seg til den påfølgjande forsoninga mellom USA og dei liberale opprørarane i 1927.

Sandino oppretta bondekooperativar i Nueva Segovia og heldt fram med motstanden, som vert sett på som det fyrste dømet på geriljakrig i Latin-Amerika. Etter at USA hadde forlete landet og gjeve det sikkerheitsmessige ansvaret vidare til Nasjonalgarden i 1933, underteikna han ein fredsavtale. leiaren for Nasjonalgarden, Anastasio Somoza Garcia, såg likevel på Sandino som ein makttrussel. Etter eit møte i februar 1934 vart han derfor arrestert og drepen av Nasjonalgarden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Baughman, Carla. Sandino, Augusto Nicolás Calderón. Historical Text Archive.