Managua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Managua
Styresmakter
Land Nicaragua
Geografi
Koordinatar 12°8′11″N 86°15′5″WKoordinatar: 12°8′11″N 86°15′5″W
Plassering
Managua is located in

Managua er hovudstaden i Nicaragua og ligg ved sørbreidda til innsjøen Lago de Managua. Byen hadde i 2001 eit innbyggjartal på 930 000 og er eit handelssentrum for ein region med mykje jordbruk. Her finst òg bomulls- tobakks-, sement- og kjemisk industri. I tillegg har byen fleire universitet, der det eldste er frå 1812, og ei internasjonal lufthamn.

Managua var opphavleg ein indiansk by, og vart hovudstad i 1857. Byen har vorte øydelagd fleire gonger av bybrannar og jordskjelv; sist i 1972 då eit jordskjelv øydelagde heile bykjernen og tok livet av fleire tusen menneske. I borgarkrigen frå 1978-79 var det harde kampar i byen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Managua

Kjelder[endre | endre wikiteksten]