Nasjonalisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Nasjonalisme er eit svært vidt omgrep. Berre sjølve nemninga nasjonalisme utan noko meir presisering er knapt brukande på ein meiningsfull måte. Men nasjonalisme i kvar ein moderne forstand heng i alle høve saman med det store skiljet den franske revolusjonen frå 1789 og framover utgjorde i verdshistoria. Før den tid var dei berande einingane i samfunnet og tenkinga om samfunnet religiøse eller dynastiske, attåt dei lokale. Ein var først og fremst til dømes katolikk eller protestant, og lydde og følgde den eller den monarken eller tronpretendenten, same kva "nasjon" ein høyrde til.

Med den franske revolusjonen blei nemninga «nasjon» eit politisk omgrep, definert som eit system av like rettar og plikter for alle som blei definert inn i «folket» som politisk eining, i fransk republikansk tradisjon alle vaksne menn, same kva religiøs-etnisk tilhøyrsle dei måtte ha. (Såleis frigjorde og likestilte revolusjonen både protestantar og jødar i det katolske landet). Fransk republikansk nasjonalisme blei etter dette ein politisk patriotisme. Som det heitte i eit fransk «konstitusjonsleksikon»: «Patriotisme betyr ikkje lenger å hate menneske som ikkje er fødde som våre landsmenn, men å elske eit land der rettferda og menneskelegheita sine lover rår».

Men blant dei kontra-revolusjonære oppstod det ein nasjonalisme av annan type, knytt til det gamle Frankrike og katolisismen. Denne kom til syne under restaurasjonen etter Napoleons fall, under Dreyfus-saka på slutten av 1800-talet, i Vichy-regimet under andre verdskrigen, og går som ein understraum i fransk historie heile vegen.

Det er difor ikkje berre i tysk nasjonalisme at ein slik etnisk dimensjon oppstod, men i nazismen fekk den etniske tyske nasjonalismen som kjent dramatiske følgjer. Heilt frå starten definerte nazipartiet NSDAP ut jødane frå «nasjonen», berre «tysk blod» høyrde til denne. Da dei kom til makta var det berre eit spørsmål om kva måte ein skulle kvitte seg med dei utdefinerte på, å få dei ut av landet, eller ut av livet.

Ein må såleis skilje skarpt mellom ulike former for «nasjonalisme». Mellom den som inkluderer (som den franske republikanske) og den som ekskluderer (som den tyske nazistiske). Mellom den som nøyer seg med å vere glad i eige land men samtidig respekterer andre og den som fremjar arroganse, hat mot og dominans over andre land. Mellom den som frigjer og den som undertrykkjer. Det er ein prinsipiell skilnad mellom etniske og territorielt definerte «nasjonalismar», og mellom sjølvstendestrev og imperialisme. Men nokre gonger er dette skiljet ikkje så knivskarpt i praksis, det har og historia vist. Ein «nasjon» som er undertrykt kan òg vere eller bli ein undertrykkjar.

Ei særleg form for nasjonalisme kan kanskje kallast «språk-nasjonalismen», ein viktig del av ein «kulturell nasjonalisme». I seg sjølv vil den oftast vere inkluderande og frigjerande, så sant ei språkleg definert folkegruppe ikkje vil ta frå andre grupper den retten dei krev for seg sjølve. Døme på slik «språk-nasjonalisme» er den jødiske sosialistrørsla Bund sin kamp for det jødiske folkemålet jiddisch i Aust-Europa før krigen, kampen for å innføre katalansk i staden for kastiljansk (spansk) i Catalunya, og kanskje vår eiga nynorske målreising. Slike målreisingar har også gjerne ei sosial side, i den grad skrift- og standardspråket som ein kjempar for byggjer på folkemålet, vanlege folk sitt kvardagsspråk.