Augustus av Romarriket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sølvdenarius med keisar Augustus avbilda.

Augustus (23. september -6319. august 14) var keisar av Romarriket frå år 30 fvt til år 14. Han vert rekna som den fyrste romerske keisaren og grunnleggjar av prinsipatet. Som keisar vart han kalla Imperator Caesar Augustus (Latin IMP·CAESAR·DIVI·F·AVGVSTVS).

Augustus vart oppfostra av onkelen sin, Gaius Julius Cæsar. Etter at Cæsar vart myrda i år 44 fvt utkjempa Augustus ein i borgarkrig med Marcus Antonius og kjempa mot Kleopatra av Egypt.

Fødenamnet til Augustus var Gaius Octavius. Namnet vart endra til Gaius Caesar Octavianus («den octavianske cæsar»), etter at Cæsar adopterte han straks før Cæsar vart myrda.

I Nytestamentet i Bibelen vert det skildra korleis keisar Augustus gjev ordre om at heile verda (d.v.s. heile Romarriket) skal skrivast inn i manntal. Manntalet vart utførd kring år 4 fvt, då Jesus vart fødd.

Augustus døydde 76 år gamal og vart etterfylgd av Tiberius Julius Caesar (som keisar omtala som Tiberius).

Månaden august er oppkalla etter Augustus.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Augustus av Romarriket
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Augustus av Romarriket


Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.