Aung San

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Statue av Aung San

Aung San (13. februar 191519. juli 1947) var ein general, nasjonalist og frigjeringshelt i Myanmar og var far til nobelprisvinnaren Aung San Suu Kyi.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Aung San vart fødd i Natmauk midt i Burma. Han er kjend som den mest populære nasjonalistlederen i Myanmar og hadde ein stor del av æra for at landet oppnådde sjølvstende frå britane i 1948. Før andre verdskrigen var han overbevist antibritisk, og han allierte seg med japanarane under krigen, men skifta side for å kunne leie burmesarane til sjølvstyre.

Fleire familiemedlemmer hadde gjort seg gjeldande innanfor nasjonalistrørsla sidan britane annekterte Burma i 1886, og sjølv vart han sekretær i studentrådet på Rangoon University og leidde saman med U Nu studentstreiken der i 1936. Etter at Burma vart skild frå India i 1937 og han sjølv avslutta utdanninga i 1938, arbeidde han for den nasjonalistiske organisasjonen Dobama Asi-ayone («We-Burmans Association»), og vart generalsekretær i 1939.

Medan han i 1940 søkte stønad frå utanlandsk hald for frigjeringskampen, vart han kontakta i Kina av japanarane. Dei hjelpte han å opprette ein burmesisk militærstyrke som skulle hjelpe dei med å invadere Burma i 1942. Hæren, Burma Independence Army, voks seg større enn japanarane hadde rekna med, og hadde ein tendens til å ta over kontrollen i dei okkuperte områda.

Som forsvarsminister i marionetteregjeringa til Ba Maw begynte Aung San etter kvart å tvile på lovnadene frå Japan om burmesisk sjølvstende, sjølv om dei uventa skulla vinne krigen. Han var misnøgd med måten dei handsama burmesiske styrkar på. Difor vendte han seg i mars 1945 til britane.

Etter at Japan overgav seg i august 1945, prøvde britane å inkorporere Aung San sine styrkar i den britiske hæren, men han heldt toppleiarane tilbake og forma «the People’s Volunteer Organization». Under dekke av å vere ein veteranorganisasjon som jobba for sosial stønad, opererte dei som ein privat politisk hær skapt til å erstatte BNA i kampen for sjølvstende.

I 1944 brukte Aung San undergrunnsnasjonalistrørsla the «Anti-Fascist People’s Freedom League» (AFPFL), som han sjølv hadde vore med på å starte, for å bli leiar for det utøvande rådet i Burma i 1946. Han var i praksis statsminister, men var underlagt veto frå den britiske guvernøren. Etter å ha konferert med den britiske statsministeren Clement Attlee i London, annonserte han den 27. januar 1947 avtala som garanterte Burma full fridom innan eitt år. I valet på lovgivande forsamling i april 1947, vann AFPFL 196 av 202 plassar. Trass i at kommunistane skulda han for å vere ei «forlenga hand for britisk imperialisme», kom han opp med resolusjonen for burmesisk sjølvstende utanfor the British Commonwealth.

Den 19. juli 1947 vart statsminister Aung San og seks kollegaer, mellom anna bror hans, skotne i regjeringslokala i Rangoon medan rådet hadde møte. Ein politisk rival, U Saw, vart seinare avretta for å ha teke del i drapa.