Clement Attlee

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Statue av Clement Attlee.

Clement Attlee (3. januar 18838. oktober 1967) var statsminister i Storbritannia frå 1945 til 1951. Trass i sin naturlege blygskap og den lakoniske talestilen hans, vann han ein jordskredsiger over Winston Churchill ved valet i 1945, rett etter at Churchill hadde leidd landet gjennom andre verdskrigen. Han var den første statsministeren frå Det britiske arbeidarpartiet Labour Party som fekk sitje ein heil parlamentsperiode, og den første som hadde fleirtal i nasjonalforsamlinga. Den regjeringa han leidde nasjonaliserte viktige industriar og tenester, og skapte ein britisk velferdsstat som i hovudsak vart godtatt av alle dei fremste partia i landet fram til Margaret Thatcher vart statsminister.

Attlee vart fødd i Putney i London i ein middelklassefamilie, og utdanna jurist ved University College i Oxford. Han vart sosialist etter å ha arbeidd mellom slumbarn i aust-London. Men han lika ikkje velgjerdsarbeid blant dei fattige, han ville avskaffe fattigdomen. Han slutta seg til Independent Labour Party i 1908.

Attlee deltok i første verdskrigen, vart alvorleg såra og vart til slutt major. Han vart vald til ordførar i London-bydelen Stepney i 1919 og parlamentsmedlem for området i 1922.

Attlee var med i dei to første Labour-regjeringane, som statssekretær i forsvarsdepartementet i 1924, så som «kanslar for hertugdømmet Lancaster», det vil seie statsråd utan portefølje og sidan sjef for postvesenet i 1929-1931, begge gongene under Ramsay MacDonald som statsminister. Han vart nestleiar i partiet medan George Lansbury var leiar på 1930-talet.

Attlee og Labour var mot den ettergivande appeasementpolitikken som dei konservative regjeringane førte overfor dei fascistiske diktatura til Mussolini og Hitler. Da Lansbury gjekk av som leiar i 1935, vart Attlee interimleiar til etter valet same året, da han vart vald til leiar i leiarskapsstriden etter valet. Han var leiar i partiet til 1955, til dags dato den lengste perioden nokon partileiar har sete.

I samlingsregjeringa under krigen spelte Attlee hovudrolla attmed Churchill, som visestatsminister og leiar for den sivile sida av krigspolitikken. Stor-sigeren i 1945-valet gjorde han til statsminister, og partiet hadde klare mål, blant anna nasjonalisering av viktige tenester og langdistansetransporten, og skapinga av den moderne velferdsstaten. India vart sjølvstendig, og britane trekte seg ut av Palestina. Attlee sin helseminister Aneurin Bevan kjempa mot det mektige lege-etablissementet, og skapte National Health Service, som enno består.

Labour heldt fram ved makta etter valet i 1950, men no med sterkt redusert parlamentsfleirtal. Dette kom ikkje på grunn av tilsvarande tilbakegang i talet på veljarar, men på grunn av tilfeldigheitene i den britiske valordninga med fleirtalsval i einmannskrinsar og at dei konservative hadde tatt ein del veljarar frå Det liberale partiet. I 1951 tapte Labour likevel fleirtalet, og Attlee leidde partiet i opposisjon til 1955, da han trekte seg tilbake frå underhuset og vart utnemnd til Lord. Han døydde i 1967.