Avatar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå og Avatar (fleirtyding)
Dei ti avatarane til Visjnu.

Avatar (sanskrit अवतार, avatāra) er eit hinduisk omgrep som viser til lekamleggjering av gudar. Som regel vil dette seia at ein gud tek menneskeleg form, men det finst òg avatarar som er heilt eller delvis dyr.

Omgrepet blir særleg brukt om inkarnasjonane av guden Visjnu. Talet på visjnuavatarar varierer frå rundt ti til tallause. Dei best kjende avatarane er Rama og Krisjna. Desse to avatarane blir tilbedne i eigne tempel og sekter, og blir av nokre hinduar rekna som den høgaste guddommen. Hinduar reknar ofte Buddha som ein avatar av Visjnu. Andre avatarar verd å merka seg er Vyasa, som skal ha skrive ned fleire hinduskrifter, grunnleggjaren av ayurvedamedisin Dhanvantari, og Mohini, einaste kvinnelege avataren av Visjnu.

I samband med Rama og hovudforteljinga om livet hans, Ramayana, opptrer fleire figurar som tidvis blir rekna som avatarar av gudelege vesen – Sita, ein avatar av Laksjmi, Laksjmana, ein avatar av slangen Visjnu søv på, og Hanuman, ein avatar av Sjiva.

Guden Dattatreja er rekna som ein avatar av den hinduiske treeininga Brahma, Visjnu og Sjiva saman.

Linga Purana nemner ni ulike avatarar av Ganesja. Ho fortel også om 28 avatarar av Sjiva. Innan sjivadyrking er likevel ideen om at Sjiva skal ha avatarar omstridd.

Også innan devidyrking er det usemje om gudinna har avatarar. Devi-Bhagavatapurana fortel at avatarar av gudinna kjem til jorda for å slost mot dei vonde og verna dei rettskafne. Gudinnar rekna som avatarar av Devi er mellom anna Mahalaksjmi og Mahasaraswati, medan Sita og Radha er inkarnasjonar av gudinna Laksjmi. Puranakommentatoren Nilakantha frå 1700-talet rekna også Krisjna og Rama som avatarar av gudinna.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Avatar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.