Ganesja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ganesja i tradisjonell signingspositur.

Ganesja er ein mindre mektig, men mykje elska gud innan hinduismen. Han er lett å kjenna på elefanthovudet sitt, og blir gjerne framstilt som tjukk og godsleg, ridande på ei mus eller dansande. Ganesja er særleg gud for byrjingar og visdom. Ein finn gjerne statuar av han ved inngangen til sjivatempel, og mange skuleelevar ber til han før viktige prøvar. Det finst ei rekke soger om guden, mellom anna blir det sagt at det var han som skreiv ned storverket Mahabharata.

Ganesja ridande på musa si, pynta med blomar.

Guden har mange namn. Dei viktigaste er sanskritnamna Ganesja, Ganapati og Vinájaka, som alle tyder 'hærleiar', Gadsjamukha, 'elefantfjes', og det tamilske Pillaijar blant tamilar, som tyder 'vyrde son'.

Tilbeding[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til å helsa Ganesja først når ein går inn i tempel, påropar ein gjerne Ganesja ved byrjinga av sjaivistiske rituale. Guden blir òg feira årleg på fødselsagen sin, i ei høgtid som blir kalla ganesjotsav eller ganesj tsjatorti i månaden bhadrapad (august eller september). Dette er ei svært populær høgtid i Sør- og Vest-India, og blir særleg feira i Maharashtra ved at ein senker gipsstatuar av guden i vatn under mykje festivitas.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Ganesja er sonen til Parvati, som i mange soger skapte han åleine, eller av Parvati saman med Sjiva. I nokre tradisjonar er han ein evig ungkar, men i andre har han to koner — Buddhi (intellekt) og Siddhi (andskraft), begge døtrer av Brahma.

Skulptur av sitjande Ganesja frå 1200-talet.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Ganesja ser ganske underleg ut, og det at nokon med så rar utsjånad kan vera ein gud skal mellom anna få tilbedarar til å forstå at dei må sjå forbi det ytre. Men heile utsjånaden til Ganesja kan òg forklarast symbolsk:

Forteljingar[endre | endre wikiteksten]

Ganesja blei fødd med eit vanleg hovud, men då han var liten blei det bytta ut med hovudet til ein ung elefant. Det finst fleire forklaringar på korleis dette gjekk føre seg. Ei soge seier at Sjani (guden for planeten Saturn), på oppfordring frå Parvati, retta det ulukkesbringande blikket sitt mot Ganesja slik at hovudet fall av og flaug vekk. Ei anna fortel at den mektige demonen Gadjasura, som hadde elefantform, bad om at hovudet hans alltid skulle bli hugsa, og at Sjiva oppfylde ønsket hans ved å setja det på kroppen til sonen sin. Den best kjende historia er likevel at det var Sjiva sjølv som kappa hovudet av guten då han stod vakt for Parvati, som bada, og ikkje ein gong ville sleppa ektemannen forbi.

Eit anna særtrekk ved guden er at den eine støyttanna hans er knekt. Som regel er grunnen gjeven for dette at han trengde ein skrivereiskapVyasa dikterte Mahabharata for han og griffelen knekte, for vismannen skulle ikkje stoppa medan han resiterte diktet. Andre soger fortel at guden brukte støyttanna for å drepa ein demon som hadde fått vern mot alle slags våpen, eller at han braut henne av i sinne for å forbanna Tsjandra, måneguden, som lo av han.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ganesja