Krisjna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om guden. For elva, sjå Krishnaelva.


Krisjna (også stava Krishna, कृष्ण i Devanagari, kṛṣṇa i IAST) er ein guddom som vert dyrka i stort sett alle dei hinduiske tradisjonane. Framstillingar av Krisjna viser han gjerne som ein ung kugjetar som speler på ei fløyte (basert på framstillingar i Bhagavata purana), eller ein ungdommeleg prins som gjev filosofiske leksjonar (som i Bhagavad Gita). Han blir ofte vist saman med broren Balarama og søstera Subhadra, eller med kjærasten Radha.

Krisjna er ein munter og folkekjær gud innan hinduismen, som regel rekna som ein avatar av hovudguden Visjnu, som vert rekna som den øvste gud innan vaisjnava-skulane. Innan Gaudija vaisjnavisme vert Krisjna dyrka som kjelda til alle andre avatarar (inkludert Visjnu). [1]

Krisjna og forteljingane som vert knytt til han kjem til oss gjennom eit breitt spekter av filosofiske og teologiske tradisjonar. Sjølv om dei ofte skil seg i detaljar og med det speglar dei ymse tradisjonanes vektleggingar, er somme grunnhåttar delte av dei alle. Desse inkluderer ein guddomeleg inkarnasjon, barndoms- og ungdomstid som gjetar og eit liv som ein heroisk krigar og lærar.

Oppveksten og livet til Krisjna er skildra i talrike legender, særleg i verket Mahabharata, men meir utførleg i dei to puranaene Bhagavatam og Visjnupurana.

Namnet «Krisjna»[endre | endre wikiteksten]

Omgrepet krisjna har i sanskrit den ordrette tydinga svart eller mørk og vert nytta til å omtale nokon som har ein mørk hudfarge. Brahma Samhita skildrar Krisjna si hud som med eit skjær av blå skyer».[2] Han blir gjerne måla med svartleg eller blåleg hud. Andre velbrukte namn er Govinda (kuvernar), Hari (gylden), Djagannatha (verdsherskar), og tamilnamnet Kannan (kjæraste).

Liv[endre | endre wikiteksten]

Etter kvart som fleire av dei vonde asuraene blei fødde inn i kongehus, tok dei til å undertrykka alle vesen på jorda, og devaene bad Visjnu om å ta menneskeform for å nedkjempa dei.

Barndom[endre | endre wikiteksten]

Barnet Krisjna.

Visjnu blei fødd i Mathura som Krisjna, sonen til prinsesse Devaki og ektemannen Vasudeva. Broren til prinsessa, Kamsa, var ein vond tronrøvar, og det var spådd at han skulle drepast av ein av sønene hennar. Kamsa kasta henne derfor i fengsel og drap kvar unge ho fødde. Men Krisjna og to søsken, Balarama og Subhadra, blei redda og oppfostra i løyndom av kueigaren Nanda og kona Jasjoda.

Krisjna voks derfor opp blant gjetarar og kyr i skogen Vrindavana. Han var eit lukkeleg og uskikkeleg barn, svært glad i å stela smør og seinare i å erta og kurtisera ungjenter — gopiar. Ei av desse var Radha, som seinare har fått ein viktig plass i forteljingane om Krisjna. Då onkelen fekk greie på at nevøane hans heldt til i skogen, sende han fleire demonar for å gjera ende på dei, men Krisjna drap kvar og ein.

Vakse liv[endre | endre wikiteksten]

Som ung mann drog så Krisjna tilbake til Mathura der han oppfylde spådommen og nedkjempa Kamsa. Han frigjorde og gjeninsette den rette kongen, morfaren hans, Ugrasena, og levde sjølv som prins ved hoffet. Her blei han kjend med dei fem pandavaene, fetrar frå kongeriket Kuru. Han tok fleire koner, med Rukmini og Satyabhama som dei viktigaste. Hoffet flytta etter kvart til Dwaraka, i noverande Gujarat.

Den langvarige usemja mellom pandavaene og kauravaene førte etter kvart til krig, og Krisjna, som var fetter til begge brødreflokkane, bad dei velja mellom å få med seg hæren hans eller han sjølv på si side. Kauravaene tok hæren, medan Krisjna blei stridsvognførar og rådgjevar for pandavaen Ardjona. Det kjende hinduiske verket Bhagavadgita er råda han gav Ardjona før slaget tok til.

Død[endre | endre wikiteksten]

Etter krigen heldt Krisjna til i Dwaraka i trettiseks år. På ein fest braut det ut strid blant slekta hans, og dei fleste drap kvarandre. Medan broren Balarama gav opp anden gjennom yoga, trekte Krisjna seg tilbake til skogen for å meditera. Her blei han skoten av ein jeger, som trudde foten hans var eit dådyr, og døydde, etter å ha tilgjeve jegeren.

Tilbeding[endre | endre wikiteksten]

Statuar av Krisjna og Radha i Gdansk i Polen.

Krisjna er sentral i bhaktirørsla, den delen av hinduismen som legg stor vekt på inderleg tru og ekstase. Mot slutten av 1000-talet spreidde denne rørsla seg særleg i Sør-India, og dei tolv alvardiktarane, med Andal som den viktigaste, skapte fleire dikt tileigna hans. I songsamlinga Tiruppavai er Andal den første kjende diktaren som framstiller seg sjølv som ein gopi som elskar Krisjna.

Rørsla spreidde seg til resten av India, og på 1100-talet dikta Djayadeva frå Orissa Gita govinda, 'songen om gjetaren', eit svært viktig verk i bhakti-litteraturen. Medan dette verket er skrive på sanskrit laga andre diktarar som Mirabai og Surdas songar til Krisjna på folkespråket.

Krisjna heldt fram med å bli dyrka, og på 1900-talet blei kulten hans spreidd utanfor det indiske subkontinentet. Dette har skjedd først og fremst gjennom Hare Krishna-rørsla, som blei grunnlagd i 1966.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bhag-P 1.3.28 «Alle dei ovanfor nemnde inkarnasjonar er anten heilskapsdelar eller delar av heilskapsdelar av Herren, men Herren Sri Krisjna er den opphavlege personlegdomen til guddomen.»
  2. Brahma Samhita 5.30

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Krisjna