Avslutningsseremonien for Sommar-OL 2008

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Beijing National Stadium

Avslutningsseremonien for Sommar-OL 2008 avslutta OL i Beijing 24. august 2008. Seremonien starta klokka 20.00 lokal tid (UTC +8) på Beijing National Stadium.

Den britiske songaren Leona Lewis og Led Zeppelin-gitarist Jimmy Page opptrådde på avslutningsseremonien for å markere overgangen frå Beijing til Sommar-OL 2012 i London. I tillegg deltok verdas mest kjende fotballspelar, David Beckham.

Stefanie Sun, ei popstjerne frå Singapore, opptrådde saman med den kinesiske songaren Wang Lee Hom. Han Hong opptrådde og Jackie Chan tok også del i seremonien.

Eit viktig element av avslutningsseremonien var også den tradisjonelle flaggoverrekkinga. Beijings borgarmeister Guo Jinlong overrekte det olympiske flagget til Londons borgarmeister Boris Johnson og ein fekk sjå eit bidrag frå Londons olympiske organisasjonskomité (LOCOG).

Tradisjonen tru blei også den olympiske elden sløkt. Dette skjedde i det norske Anders Nordøy Snellingen saman med ein afrikansk mann og ei rumensk kvinne sto på ei høg flytrapp og viste fram ein tradisjonell kinesisk rull med bilete frå alle dagane leikane varte. Dei same bileta blei vist fram på storskjermer på arenaen.

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk