Led Zeppelin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Led Zeppelin
LedZeppelinChicago75 2.jpg
Led Zeppelin på Chicago Stadium, januar 1975
Alias The New Yardbirds, The Nobs
Sjanger Hardrock, heavy metal, bluesrock, folkrock
Aktive år 1968–1980, 1985, 1988, 1995, 2007
Tilknytte artistar Page and Plant, The Honeydrippers, The Yardbirds
Plateselskap Atlantic, Swan Song
Nettstad www.ledzeppelin.com
Tidlegare medlemmer
Jimmy Page
John Paul Jones
Robert Plant
John Bonham

Led Zeppelin var eit engelsk rockeband starta i 1968 som bestod av gitarist Jimmy Page, songar Robert Plant, trommeslagar John Bonham og bassist John Paul Jones. Med den tunge, gitardrivne bluesrock-stilen sin, vert Led Zeppelin ofte rekna som ein av stamfedrane for heavy metal[1][2] og hard rock,[3][4] sjølv om dei individuelle stilane tilb andet kom frå mange kjelder og dekkjer mange sjangrar.[5][6] Led Zeppelin gav ikkje ut songar frå albuma sine som singlar i Storbritannia, og føretrekte å utvikle konseptet «album-orientert rock».[2]

Meir enn 30 år etter dei vart oppløyste då Bonham døydde i 1980, er Led Zeppelin framleis høgt verdsett på grunn av det dei oppnådde kunstnarisk, dei høge salstala og den store påverknaden dei hadde. Bandet har seld over 200 millionar album på verdsbasis i følgje somme kjelder,[7], medan andre kjelder hevdar meir enn 300 millionar album,[8] inkludert 111,5 millionar plater berre i USA,[9] noko som gjer dei til eit av dei mestseljande gruppene gjennom tidene, og det neste mestseljande i USA.[9] Alle dei originale studioalbuma deira har nådd Topp 10 på Billboard-lista i USA, og seks av dei har nådd førsteplassen.[10] Rolling Stone har skildra Led Zeppelin som «det tyngste bandet gjennom tidene»,[11] det største bandet i 1970-åra[12] og utan tvil eit av dei mest varige banda i rockehistoria.[1] På liknande vis har Rock and Roll Hall of Fame skildra bandet i 1970-åra som «like påverkande i dette tiåret som The Beatles var i tiåret før.».[13]

I 2007 vart dei gjenverande medlemmane i Led Zeppelin samla att (i lag med sonen til John Bonham, Jason) for Ahmet Ertegün Tribute Concert i The O2 Arena i London. Bandet fekk prisen som beste konsertband for denne eine konserten under MOJO Awards 2008,[14] der dei vart omtalte som «det største rock and roll-bandet nokon gong».[15]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Starten[endre | endre wikiteksten]

I 1966 vart Jimmy Page med i det blues-påverka rockebandet The Yardbirds for å erstatta bassisten Paul Samwell-Smith. Kort tid etter, byta Page frå bass til sologitar, og bandet hadde då to sologitaristar, han og Jeff Beck. Etter at Beck forlet bandet i oktober 1966, byrja The Yardbirds, som var trøytte etter konstant turnering og innspeling, å trappe ned. Page ønskte å danna ei supergruppe med seg sjølv og Beck på gitar, rytmeseksjonen i The Who, trommeslagar Keith Moon og bassist John Entwistle, medan vokalistane Steve Winwood og Steve Marriott vart vurderte som ein del av prosjektet.[16][17] Gruppa vart aldri til, sjølv om Page, Beck og Moon spelte inn ein song i lag i 1966, «Beck's Bolero», som finst på albumet til Beck frå 1968, Truth. Med seg på innspelinga hadde dei òg bassist og klaverspelar John Paul Jones, som fortalte Page at han var interessert i å samarbeide med Page på eit framtidig prosjekt.[18]

The Yardbirds spela den siste konserten sin i juli 1968 på Luton College of Technology i Bedfordshire i England.[19] Dei var framleis forplikta til å spele fleire konsertar i Skandinavia, så trommeslagar Jim McCarty og vokalist Keith Relf gav Page og bassist Chris Dreja løyve til å nytte Yardbirds-namnet for å oppfylle forpliktingane. Page og Dreja sette i saman eit nytt band. Førstevalet til Page som vokalist var Terry Reid, men han avslo tilbodet og foreslo i staden Robert Plant, ein songar frå Stourbridge i Band of Joy.[2][20] Plant godtok etter kvart stillinga og anbefalte trommeslagar John Bonham frå det nærliggande Redditch.[2] Då Dreja gav seg med prosjektet for å verte fotograf (han tok seinare fleire bilete som kom på baksida av debutalbumet til Led Zeppelin), så tok John Paul Jones, etter forslag frå kona hans, kontakt med Page om den ledige stillinga.[21] Page kjende til Jones og gjekk med på Jones som det siste medlemmet.

Gruppa spelte i lag første gongen i eit rom under ein plateforretning i Gerrard Street i London.[22][23] Page forslo at dei skulle prøve å spele «Train Kept A-Rollin'», ein rockabilly-song gjort populær av Johnny Burnette som hadde fått nytt liv av the Yardbirds. «Så snart eg høyrte John Bonham spele», hugsar Jones, «visste eg at dette kom til å bli stort... Vi var låste saman som eit lag med ein gong.»[24] Kort tid etter spelte gruppa i lag på den siste innspelingsdagen for P.J. Proby-albumet Three Week Hero. Songen «Jim's Blues» på albumet var den første studioinnspelinga der alle fire medlemmar av det framtidige Led Zeppelin spelte i lag.[16] Proby hugsar, «På den siste studiodagen, så såg me at me hadde noko tid til overs, så eg berre bad bandet om å spele, medan eg kom på teksten... Dei var ikkje Led Zeppelin enno, dei var the New Yardbirds og dei skulle bli bandet mitt.»[25]

Bandet gjorde ferdig den skandinaviske turneen som The New Yardbirds, og spelte i lag for første gong føre eit publikum i Gladsaxe Teen Clubs i Gladsaxe i Danmark, den 7. september 1968.[26][27] Seinare denne månaden, byrja bandet å spele inn det første albumet sitt, som var basert på det dei spelte på konsertane på denne tida. Albumet vart spelt inn og miksa på ni dagar, og alle kostnadene var dekte av Page sjølv.[28] Etter at albumet var ferdig, vart bandet tvungen til å endre namn etter at Chris Dreja gav ut eit forbodsbrev som sa at Page berre fekk lov å nytte namnet New Yardbirds for den skandinaviske turneen.[29] Ei historie om korleis bandet fekk namnet sitt var då Keith Moon og John Entwistle, trommeslagar og bassist i The Who, meinte at den mogelege supergruppa med dei sjølv, Jimmy Page og Jeff Beck ville falle som ein «blyballong» («lead balloon»), ein vanleg spøk for å skildre noko som ville ende katastrofalt.[30] Gruppa fjerna med vilje 'a'-en i lead etter forslag frå manageren deira, Peter Grant, for å hindre «dumme amerikanarar»[18] frå å uttale det som «leed».[31] Ordet «balloon» vart endra til «zeppelin», og for Page var namnet ein perfekt kombinasjon av lett og tung, brennbarheit og ynde.[30]

Grant sikra òg bandet eit forskot på $200 000 frå Atlantic Records i november 1968, den største avtalen av sitt slag eit nytt band hadde fått til då.[25] Atlantic var eit selskap kjend for katalogen sin med blues-, soul- og jazzartistar, men seint i 1960-åra byrja dei å fatte interesse for progressive britiske rockeband, og signerte Led Zeppelin utan å ha sett dei første, hovudsakleg baert på anbefalingar frå songaren Dusty Springfield.[23][32] I følgje kontrakten Grant sikra dei, kunne bandet sjølv velje når dei ville gje ut album og turnere, og dei hadde siste ord med i laget om innhald og design på kvart album. Dei skulle òg få avgjere korleis dei skulle marknadsføre albuma og kva singlar som skulle gjevast ut, om dei skulle gjevast ut i det heile. Dei danna så sitt eige selskap, Superhype, får å handsame forlagsrettane.[33]

Tidlege år (1968–70)[endre | endre wikiteksten]

Bandet endra offisielt namn til Led Zeppelin den 14. oktober 1968, og den første konserten med det nye namnet vart gjort på University of Surrey i Guildford den 25. oktober.[34] Dette vart etterfølgd av den første konserten deira i USA, den 26. desember 1968, før dei flytta til vestkysten for ei rekkje konsertar i byar der, inkludert Los Angeles og San Francisco.[35] Led Zeppelin kom ut i USA den 12. januar 1969, under turneen. Det kom først ut i Storbritannia den 31. mars 1969. Blandinga av blues, folkemusikk og påverknad frå austleg musikk med forvrengd og forsterka lyd gjorde det til eit av dei viktigaste albuma i skapinga av heavy metal.[2] Plant har kommentert at det er urettferdig at folk kalla dei eit heavy metal-band, sidan om lag ein tredjedel av musikken deira var akustisk..[36] På det første albumet vart ikkje Plant tilskriven som låtskrivar på nokre av songane han var med å skreiv, som følgje av den tidlegare kontrakten hans med CBS Records.[37]

Fil:LedZepMontreaux.jpg
Plant og Page i Montreux i mars 1970. Bandet trekte seg like etter attende til hytta Bron-Yr-Aur i Wales for å spele inn Led Zeppelin III.

I løpet av det første året klarte Led Zeppelin å fullføre fire turnear i USA og Storbritannia kvar, samt gje ut det andre albumet sitt, Led Zeppelin II.[25] Det vart nesten utelukkande spelt inn under turneen i forskjellige byar i Nord-Amerika, og vart ein enno større suksess enn debutplata og gjekk til topps i både heimlandet og i USA.[38] Bandet utvikla vidare idear dei skapte på debutalbumet, og skapte eit verk som vart enno meir hylla og utan tvil enno meir påverkande.[39] Det har vorte indikert at Led Zeppelin II i stor grad danna grunnlaget for heavy metal-band som følgde sidan.[39][40]

Etter at albumet kom ut, gjorde Led Zeppelin fleire turnear i USA. Dei spelte i starten på klubbar og i danselokale, så i større auditorium ettersom populariteten deira voks.[2] Somme av dei tidlege konsertane deira varte meir enn fire timar, med lange improviserte konsertversjonar av songane deira. Mange av desse er bevarte som piratkopialbum. Det var i denne perioden at bandet fekk rykte på seg for å leve eit usvevande liv.[41] Eit påstått døme på slik ekstravaganse var den såkalla «hai-episoden», der turnemanager Richard Cole skal ha putta nasen på raud snappar (ein fisk) inn i vagina på ei jente. Rykta eskalerte derimot raskt til at jenta hadde vorte valdteken med ein hai som ein del av utstyret.[18][41]

For det tredje albumet sitt, Led Zeppelin III, reiste Page og Plant til Bron-Yr-Aur, ei fjerntliggande hytte i Wales, i 1970.[42] Resultatet vart eit meir akustisk lydbilete, som var sterkt påverka av folk og keltisk musikk, og som synte kor allsidig bandet var.[33] Den rike akustiske lyden på albumet fekk først blanda kritikk og mange kritikarar og tilhengjarar var overraska at dei hadde vendt seg bort frå dei elektriske songane frå dei to første albuma. Over tid har omtalen betra seg og Led Zeppelin III vert i dag stort sett hylla.[43][44] Opningssporet på albumet, «Immigrant Song», kom ut i november 1970 på Atlantic Records som singel, mot ønsket til bandet.[45] Det inneheld den einaste B-sida av bandet som ikkje vart gjeven ut på album, «Hey Hey What Can I Do». Sjølv om bandet rekna albuma sine som uoppdelelege, ei heilskapleg lyttaroppleving, og manageren deira Peter Grant hadde ei aggressiv album-orientert haldning, vart det gjeve ut enkelte singlar utan løyve frå bandet. Gruppa motstod òg i aukande grad framsyningar på fjernsyn, og tvinga tilhengjarane sine til å sjå dei på konsertar i staden.[23][46][47]

På toppen (1971–75)[endre | endre wikiteksten]

Dei fire symbola på etiketten og innsida av plateomslaget til Led Zeppelin IV, representerer Page, Jones, Bonham og Plant.

Led Zeppelin var eit av dei mestseljande og påverkande gruppene i 1970-åra.[48] Sjølv om bandet var populære dei første åra, var det på midten av 70-talet det verkeleg tok av og der er denne perioden som har og framleis definerer dei.[18][41] Imaget til bandet endra seg då medlemmane byrja å gå med utførlege, fargesprakande klede. Led Zeppelin byrja å reise i privat jetfly (kalla The Starship),[41] leigde heile seksjonar av hotell og vart tema for mange av dei mest fortalte historiene om usedeleg oppførsel i rocken. John Bonham køyrde til dømes ein motorsykkel gjennom ein etasje på Riot House i Los Angeles,[41] og øydela eit hotellrom i Tokyo Hilton, som førte til at bandet vart bannlyst frå hotellet på livstid.[23][49] Sjølv om Led Zeppelin fekk eit rykte på seg for å knuse hotellrom og kaste fjernsyn ut av vindauget, hevdar somme at desse sogene er noko overdrivne. Musikkjournalist Chris Welch hevdar at «[Led Zeppelin sine] reiser førte til mange soger, men det var ei myte at dei konstant dreiv med omsynslaus øydelegging og stygg oppførsel.»[23]

Det fjerde albumet til Led Zeppelin kom ut den 8. november 1971. Det var ingen namn eller anna på omslaget som indikerte kven albumet høyrte til, sidan bandet forakta å verte merka som ein hype eller overvurdert av musikkpressa, og som svar ønskte dei å bevise at musikken kunne selje seg sjølv utan å oppgje kven dei var.[20] Albumet har framleis ingen tittel, men vert som regel omtalt som Led Zeppelin IV, sjølv om det òg har vorte oppkalla etter dei fire symbola ein kan sjå på plateetiketten, som Four Symbols og The Fourth Album (begge titlane har vorte nytta av Atlantic Records), Untitled, Zoso, Runes eller IV. Led Zeppelin IV er eit av dei mestseljande albuma i historia og den massive populariteten gjorde Led Zeppelin til superstjerner på 1970-talet. Så langt har albumet seld 23 millionar eksemplar berre i USA.[50] Songen «Stairway to Heaven», som aldri vart gjeven ut på singel, vert stundom rekna som den mest ønskte,[51] og mest spelte[52] songen på FM-radio.

Plant og Page spelar akustisk i Hamburg i mars 1973, like før det femte albumet Houses of the Holy kom ut.

Det neste albumet til Led Zeppelin, Houses of the Holy, kom ut i 1973. Her eksperimenterte dei vidare med bruk av synthesiserar og mellotron. Songen «Houses of the Holy» er derimot ikkje med på dette albumet, sjølv om han vart innspelt samstundes. Han kom sidan ut på albumet Physical Graffiti i 1975.[18] Det oransje plateomslaget på Houses of the Holy syner bilete av nakne born[53] som klatrar opp Giant's Causeway (i County Antrim i Nord-Irland). Sjølv om ein ikkje ser barna frå framsida, var dette kontroversielt då albumet kom ut, og i somme område, som i «Bibelbeltet» og i Spania, vart plata forboden.[54]

Albumet toppa listene og Led Zeppelin la ut på ein turne i Nord-Amerika i 1973 som sette nye rekordar for publikumsoppmøte, sidan dei stort sett spelte i utselde auditorium og stadium. På Tampa Stadium i Florida spelte dei for 56 800 tilhengjarar (og slo rekorden til The Beatles på Shea Stadium i 1965), og tente $309 000.[18] Tre utselde konsertar i Madison Square Garden i New York vart filma og kom ut som The Song Remains the Same i 1976. Før den siste konserten vart $180 000 av billettinntektene stolen frå ein bankboks på Drake Hotel.[55] Pengane vart aldri funnen.[56]

I 1974 tok Led Zeppelin ein turnepause og starta sitt eige plateselskap, Swan Song, kalla opp etter ein av berre fem Led Zeppelin-songar som dei aldri gav ut kommersielt (Page omarbeided seinare songen med bandet sitt The Firm, og finst som «Midnight Moonlight» på det første albumet deira). Logoen til plateselskapet var basert på teikningar kalla Evening: Fall of Day (1869) av William Rimmer, og syner bilete av Ikarus. I tillegg til å gje ut sine eigne album, gav selskapet òg ut artistar som Bad Company, The Pretty Things, Maggie Bell, Detective, Dave Edmunds, Midnight Flyer, Sad Café og Wildlife.[2] Selskapet hadde suksess medan Led Zeppelin eksisterte, men vart lagt ned mindre enn tre år etter dei vart oppløyst.[18]

Led Zeppelin på Chicago Stadium i januar 1975, eit par veker før Physical Graffiti kom ut.

I 1975 gav Led Zeppelin ut det doble Physical Graffiti, som var den første utgjevinga deira på Swan Song. Det bestod av femten songar, åtte som vart spelte inn i Headley Grange i 1974, og resten songar som ikkje kom med på tidlegare album. Ei melding i Rolling Stone kalla Physical Graffiti Led Zeppelin sitt «forsøk på kunstnarisk respektabilitet» og la til at dei einaste som konkurrerte med Led Zeppelin om tittelen «verdas beste rockeband» var The Rolling Stones og The Who.[57] Albumet vart ein stor suksess. Kort tid etter det kom ut, gjekk alle dei tidlege Led Zeppelin-albuma samstundes inn på Topp 200-lista i USA,[18] og bandet la ut på nok ein nordamerikansk turne, igjen til nye publikumsrekordar. I mai 1976 spelte Led Zeppelin fem utselde konsertar i Earls Court Arena i London, på den tida den største konsertstaden i Storbritannia.[58]


Turnepause og tilbakekomst (1975–77)[endre | endre wikiteksten]

Etter dei store konsertane i Earls Court tok Led Zeppelin ferie og planla ei rekkje utandørskonsertar på sommaren i Amerika, som skulle opne i San Francisco.[46] Planane vart hindra i august 1975 då Robert Plant og kona Maureen vart involvert i ei alvorleg bilulukke på ferie på Ródos i Hellas. Robert fekk brot i okla, medan Maureen vart alvorleg skadd og trengde blodoverføring for å overleve.[18] Plant reiste til Jersey i august og september for å bli frisk att, med Bonham og Page på slep. Bandet flytte til Malibu i California. Det var under denne pausen at det meste av songane for albumet, Presence, vart skriven.

På denne tida var Led Zeppelin det største rockebandet i verda,[46] og selde meir enn noko anna band, inkludert The Rolling Stones.[18] Presence kom ut i mars 1976, og markerte ei endring i stilen til Led Zeppelin mot meir direkte, gitarbaserte jammar, og gjekk bort frå akustiske balladar og intrikate arrangement som ein finn på dei førre albuma deira. Sjølv om det selde til platinaplate, fekk Presence blanda mottaking hos tilhengjarar og kritikarar og somme sa at den valdsame livsstilen til bandet hadde teke dei att.[2][59] Innspelinga av Presence skjedde samstundes med at Page starta å nytte heroin, noko som kan ha hatt konsekvensar for dei seinare konsertane og studioinnspelingane til Led Zeppelin, sjølv om Page sjølv nektar for dette.[60]

Plant og Page i Chicago i april 1977, under den siste turneen til Zeppelin i Nord-Amerika

Skadane til Plant hindra Led Zeppelin frå å turnere i 1976. I staden gjorde dei ferdig ein konsertfilm, The Song Remains the Same og eit album med musikk frå filmen. Innspelinga fann stad i løpet av tre konsertar i Madison Square Garden i juli 1973, under turneen deira i Nord-Amerika. Filmen hadde premiere den 20. oktober 1976, men fekk lunken mottaking hos kritikarar og tilhengjarar.[2] Filmen gjekk særleg dårleg i Storbritannia, der dei ikkje hadde spelt konsertar sidan 1975 fordi dei var i skatteeksil. Led Zeppelin måtte kjempa for å få tilbake populariteten i heimlandet.[61]

I 1977 la Led Zeppelin ut på enno ein stor konsertturne i Nord-Amerika. Her sette bandet nok ein publikumsrekord då 76 229 menneske møtte fram på konserten deira i Pontiac Silverdome den 30. april.[62] Det var i følgje Guinness rekordbok det største publikummet til då som hadde sett eitt enkelt band for ein enkel konsert.[46] Sjølv om dei tente pengar på turneen, var det mykje problem utanom. Den 19. april vart 70 personar arresterte då 1000 billettlause tilhengjarar prøvde å kome inn på Cincinnati Riverfront Coliseum for to utselde konsertar. Somme prøvde å kome seg inn med å knuse glasdørene. 3. juni vart ein konsert på Tampa Stadium avbroten på grunn av eit kraftig torevêr, sjølv om det på billettane stod «i regn og sol». Det braut ut opprør i publikum og fleire vart arresterte og skadde.[63]

Etter konserten 23. juli[64]Days on the Green-festivalen i Oakland Coliseum i Oakland i California, vart John Bonham og fleire av medarbeidarane (inkludert manager Peter Grant og tryggleikskoordinator John Bindon) arresterte etter at nokre av arbeidarane til arrangøren Bill Graham vart kraftig forslått under konserten. Ein av arbeidarane skal ha slått til sonen til Grant då han tok ned eit skilt i garderoben. John Bonham såg dette og kom over og sparka mannen. Då Grant høyrte dette, gjekk han til tilhengjaren i lag med Bindon og gjekk til åtak på mannen, medan turnemanager Richard Cole stod utanfor og heldt vakt.[18][65] Konserten i Oakland dagen etter[66] vart den siste konserten til bandet i USA. To dagar seinare, etter at bandet hadde sjekka inn på hotell i New Orleans, kom meldinga om den fem år gamle sonen til Plant, Karac, hadde døydd av magevirus. Resten av turneen vart kansellert og det vart spekulasjonar om framtida til bandet.[2][23]

Dødsfallet til Bonham og oppløysinga (1978–80)[endre | endre wikiteksten]

I november 1978 drog bandet i studio igjen, denne gongen i Polar Studios i Stockholm i Sverige. Resultatet vart In Through the Out Door, der dei eksperimenterte med lydar og igjen fekk blanda kritikk hos kritikarane. Likevel hadde bandet framleis mange lojale tilhengjarar, og albumet nådde lett førsteplassen i både Storbritannia og USA. Då albumet kom ut gjekk igjen heile katalogen til Led Zeppelin inn på Billboard Top 200 mellom 27. oktober og 3. november 1979.[46]

Etter Bonhan døydde (bilete frå 1975) den 24. september 1980, valte resten av Led Zeppelin å legge ned gruppa.

I august 1979, etter to oppvarmingskonsertar i København, var Led Zeppelin øvst på plakaten for to konsertar i Knebworth Music Festival, der nær 120 000 menneske såg bandet. Plant var ikkje lysten på ein full turne, og vurderte til og med å forlate Led Zeppelin. Han vart overtalt til å bli verande av Peter Grant. Ein kort Europaturne vart gjort i juni og juli 1980, med kortare konsertar, utan dei vanlege lange jammane og soloane. Under ein konsert den 27. juni i Nürnberg i Tyskland, vart konserten stoppa midt i tredje songen, då John Bonham kollapsa på scenen og vart køyrt til sjukehus i all hast.[67] Pressa spekulerte i om Bonham hadde alkohol- og narkotikaproblem, men bandet hevda at han rett og slett hadde ete for mykje, og dei gjorde ferdig showet.[18][68]

Den 24. september 1980 vart Bonham henta av Led Zeppelin-assistenten Rex King for å delta på øvingar i Bray Studios for ein komande turne i Nord-Amerika, den første for bandet sidan 1977. Turneen skulle starte den 17. oktober.[23] Under turen ønskte Bonhan frukost, der han tok fire kvadruple vodkaer (450 ml) med skinkerull. Etter å ha teke ein bit av skinkerullen sa han til assistenten, «frukost». Han heldt fram å drikke tungt då han kom til studio. Dei gjorde ein pause i øvingane seint på kvelden og bandet drog heim til Page i The Old Mill House i Clewer i Windsor. Etter midnatt sovna Bonhan og vart lagt i seng. Dagen etter vart han funnen død av turnemanager Benji LeFevre og John Paul Jones.[23] Dødsårsaka var kveling av oppkast.[23] Ein obduksjon synte ingen andre stoff i kroppen til Bonhan. Bonham vart kremert den 10. oktober 1980 og oska hans vart gravlagd i Rushock soknekyrkje i Droitwich i Worcestershire.

Den planlagte turneen i Nord-Amerika vart kansellert og trass i rykte om at Cozy Powell, Carmine Appice, Barriemore Barlow, Simon Kirke eller Bev Bevan skulle ta over, så valte resten av bandet å gje seg etter at Bonhan døydde. Dei gav ut ei pressemelding i den 4. desember 1980 som stadfesta at bandet ikkje kom til å halde fram utan Bonham.[23]

Etter oppløysinga[endre | endre wikiteksten]

1980-åra[endre | endre wikiteksten]

Det første prosjektet etter Led Zeppelin var The Honeydrippers, eit band danna i 1981 av Robert Plant med Jimmy Page på sologitar, og fleire studiomusikarar og vener av Page og Plant, som Jeff Beck, Paul Shaffer og Nile Rodgers. Plant valte å fokusere bandet i ei heilt anna retning enn Led Zeppelin, og spelte standarar og ein meir R&B-stil, som coverversjonen deira av «Sea of Love», som nådde 3. plass på Billboard-lista tidleg i 1985.[69]

Jimmy Page spelar på Cow Palace i San Francisco i 1983

I 1982 gav dei gjenverande medlemmane av gruppa ut ei samling opptak frå forskjellige innspelingar frå heile karrieren til Led Zeppelin, kalla Coda. Han inneheld to songar frå konserten til bandet i Royal Albert Hall i 1970, ein kvar frå innspelingane av Led Zeppelin III og Houses of the Holy, og tre frå In Through the Out Door-innspelingane. Eit av spora er frå 1976 og er ein trommeinstrumental av John Bonham der Jimmy Page har lagt på elektroniske effektar, kalla «Bonzo's Montreux».

Den 13. juli 1985 vart Page, Plant og Jones samla for Live Aid-konserten på JFK Stadium i Philadelphia, og spelte eit kort sett med trommeslagarane Tony Thompson og Phil Collins og bassist Paul Martinez. Collins hadde medverka på dei første to soloalbuma til Plant, medan Martinez spelte i det dåverande solobandet til Plant. Dei hadde ikkje øvd med trommeslagarane, og Page sleit med ustemd gitar og dårlege monitorar, medan stemma til Plant var hes, så framføringa skal ikkje ha vore særleg god.[70][71] Page sjølv skildra framføringa som «pretty shambolic»[72] og «tydeleg ikkje godt nok»,[73] medan Plant var enno strengar og kalla det heile «frykteleg».[70]

Dei tre medlemmane vart samla att den 14. mai 1988 for ein konsert for 40-årsjubileumet til Atlantic Records, med sonen til Bonhamn, Jason Bonham, på trommer. Igjen vart framføringa øydelagd, særleg av Plant og Page (som hadde krangla like før dei gjekk på scenen om dei skulle spele «Stairway to Heaven» eller ikkje), og av at ein ikkje kunne høyre keyboardet til Jones i det heile på den direktesendte sendinga på fjernsyn.[71][74] Page har seinare skildra denne framføringa som «eit stort vonbrot», og Plant sa «konserten var fæl».[74]

1990-åra[endre | endre wikiteksten]

Den første Led Zeppelin Boxed Set, med songar nymastra under oppsyn av Jimmy Page, introduserte musikken deira for mange nye tilhengjarar og stimulerte ein renessanse for Led Zeppelin. Settet inneheldt fire songar som ikkje tidlegare var utgjevne, som hyllesten til Robert Johnson, «Travelling Riverside Blues». Songen nådde 7. plass på Billboard Album Rock Tracks-lista og videoen vart mykje vist på MTV.

I 1992 vart «Immigrant Song»/«Hey Hey What Can I Do» (den originale B-side) gjeven ut som ein CD-singel i USA. Led Zeppelin Boxed Set 2 kom ut i 1993. Dei to boksane i lag inneheld alle kjende studioopptak, samt nokre sjeldne konsertopptak.

I 1994 vart Page and Plant gjenforeint for å spele ein 90 minuttar lang «UnLedded»-konsert for MTV. Dei gav seinare prosjektet ut på eit album kalla No Quarter: Jimmy Page and Robert Plant Unledded, med nokre omarbeidde Led Zeppelin songar. Året etter la dei ut på verdsturne. Dette skal ha vore byrjinga på ein indre strid mellom bandmedlemmane sidan Jones ikkje ein gong vart fortald om gjenforeininga.[21][75] Når dei vart spurt om kvar Jones var, svarte Plant at han var ute og «parkerte bilen».[76]

I 1995 vart Led Zeppelin innlemma i Rock and Roll Hall of Fame—det første året dette var mogeleg for dei. Aerosmith-vokalist Steven Tyler og gitarist Joe Perry talte ved seremonien. Jason og Zoe Bonham var til stades som representantar for faren. Den indre striden kom til syne då Jones under takketalen sa, «tusen takk, mine vener, for at de endeleg hugsa telefonnummeret mitt», og gav Page og Plant ein støkk.[77] Etterpå spelte dei eit kort sett med Tyler og Perry (med Jason Bonham på trommer), og med Neil Young og Michael Lee.

I 1997 gav Atlantic ut singelen «Whole Lotta Love» i USA og Storbritannia, den einaste britiske CD-singelen til Led Zeppelin. På singelen fanst òg «Baby Come On Home» og «Travelling Riverside Blues». Singelen nådde 21. plass i Storbritannia.[78] 11. november 1997 kom Led Zeppelin BBC Sessions ut, det første Led Zeppelin-albumet på femten år. Dobbelplata inneheldt nesten alle innspelingane deira for BBC. Page and Plant gav ut eit nytt album, Walking into Clarksdale i 1998, med berre nye songar. Albumet var ikkje like populært som No Quarter og bandet vart sakte oppløyst.

2000-åra[endre | endre wikiteksten]

I 2003 vart to konsertdokumentar av Led Zeppelin gjevne ut: Det doble konsertalbumet How the West Was Won og Led Zeppelin DVD, ein seks timar kronologisk samling av konsertopptak som vart den bestseljande musikk-DVDen i historia.[79] Same året fekk bandet Grammy sin ærespris. I november 2005 vart det annonsert at Led Zeppelin og den russiske dirigenten Valerij Gergijev var vinnarar av Polar Music Prize for 2006. Kongen av Sverige overrekte prisen til Plant, Page og Jones, i lag med dottera til John Bonham, i Stockholm i mai 2006.[80] I november 2006 vart Led Zeppelin innlemma i UK Music Hall of Fame.[81]

Den 27. juli 2007 annonserte Atlantic/Rhino og Warner Home Video at dei skulle gje ut tre nye Led Zeppelin-titlar i november 2007. Den første var Mothership den 13. november, ei samleplate med 24 av dei beste songane frå karrieren deira, etterfølgd av ei nyutgjeving av albumet til The Song Remains the Same den 20. november, som inneheldt tidlegare songar som ikkje var gjevne ut før, og ein ny DVD.[82] Den 15. oktober 2008 vart det rapportert at Led Zeppelin var venta å annonsere ein ny avtale som gjorde det mogeleg å laste ned songane til bandet lovleg, først som ringetonar via Verizon Wireless så som digitale nedlastingar av dei åtte studioalbuma til bandet og andre innspelingar den 13. november.[83] Desse vart tilgjengelege både via Verizon Wireless og iTunes. Den 8. november 2007 lanserte XM Satellite Radio XM LED, nettverket sin første artist-eksklusive kanal for Led Zeppelin. Den 13. november 2007 vart heile katalogen til Led Zeppelin publisert på iTunes.

Led Zeppelin spelar på konserten for Ahmet Ertegün i desember 2007

Den 10. desember 2007 vart Led Zeppelin samla for ein enkelt konsert for Ahmet Ertegün, med Jason Bonham for faren på trommer. I følgje Guinness Rekordbok 2009 tok Led Zeppelin rekorden for «største etterspurnad for billettar til ein konsert» då 20 millionar prøvde å få billett til konserten.[84] Konserten var til støtte for Ahmet Ertegün Education Fund, som betalar unversitetsstipendium i Storbritannia, USA og Tyrkia. Musikkritikarar hylla framføringa til bandet. Hamish MacBain frå NME erklærte «Det dei har gjort her i kveld er bevis på at dei framleis kan levere på det nivået som gav dei det legendariske ryktet... Me får berre håpe det ikkje er det siste med ser av dei.»[85]

I eit intervju for marknadsføringa av samlinga Mothership i Tokyo tidleg i 2008, sa Jimmy Page at han var klar for ein verdsturne med Led Zeppelin, men sidan Robert Plant var oppteken med å turnere med Alison Krauss, vart ikkje slike planar klare før minst i september.[86] Seint på våren spelte Page og Jones med Foo Fighters-frontmannen Dave Grohl og trommeslagar Taylor Hawkins på scenen på Wembley Stadium for å spele Led Zeppelin-songane «Rock and Roll» og «Ramble On».[87]

Etter at BBC rapporterte seint i august at Page, Jones og Bonham spelte inn nye songar for eit nytt Led Zeppelin-prosjekt,[88] byrja rykta om ei gjenforeining å gå resten av sommaren.[89][90][91] Den 29. september gav Plant ut ei melding der han kalla rapportane om ein Led Zeppelin-gjenforeining «frustrerande og latterlegere». Han sa han ikkje ønskte å spele inn eller turnere med bandet, før han la til «Eg ønskjer Jimmy Page, John Paul Jones og Jason Bonham ingenting anna enn suksess med framtidige prosjekt».[92][93]

Etter meldinga til Plant kom likevel John Paul Jones og organisator Harvey Goldsmith med rykte om at det var ein mogeleg Led Zeppelin-turne på gang året etter. Seint i oktober stadfesta Jones for BBC Radio Devon i Exeter at han, Page og Bonham søkte ein erstattar for Plant. Goldsmith meinte at sjølv om det var mogeleg for ein turne med Page, Jones og Bonham, så var det lite truleg at dei kom til å kalle seg Led Zeppelin.[94] Ein talsmann for Page stadfesta seinare dette og sa at Led Zepplin-namnet ikkje kom til å bli brukt utan Plant. Songarar som prøvespelte for prosjektet var mellom andre Steven Tyler frå Aerosmith og Myles Kennedy frå Alter Bridge.[95] I januar 2009 sa Page-manager Robert Mensch at bandet hadde prøvd ut eit par songarar, men at ingen av dei fungerte og det var det. Det heile var over og det var ingen planar for dei å halde fram.[96]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Led Zeppelin vert rekna som eit av dei mest suksessrike, nyskapande og påverkande banda i rockehistoira. Rockekritikar Mikal Gilmore sa «Led Zeppelin - talentful, kompleks, begjærleg, vakker og farleg - hadde nokre av dei mest varige songane og konsertane på 1900-talet, trass i alt dei måtte overvinne, inkludert seg sjølv.»[97] Led Zeppelin vert ofte omtalte som ein av dei viktigaste stamfedrane for heavy metal og hardrock,[3][4][98] og påverka band frå Black Sabbath[99] til Megadeth[100][101]—og Queen[102] til Velvet Revolver.[103] Bandet har påverka forskjellige band innan progressiv rock og progressiv metal,[104] inkludert Rush,[105] Tool[106] og Dream Theater,[107] samt nokre tidlege punk- og post-punk-band, som Ramones[108][109] og The Cult.[110][111] Dei var òg ei viktig inspirasjonskjelde for utviklinga av alternativ rock, for band som nytta element av «Zeppelin-stilen» frå midten av 1970-åra,[112][113] inkludert The Smashing Pumpkins,[114][115] Nirvana,[116] Pearl Jam[117] og Soundgarden.[118] Band og artistar frå forskjellige sjangrar har òg omtalt Led Zeppelin som ei inspirasjonskjelde, som Madonna,[119] Shakira,[120] Lady Gaga,[121] og Katie Melua.[122]

Det vert sagt at Led Zeppelin hadde ein stor innverknad på sjølve musikkbransjen, og særleg utviklinga av album-orientert rock (AOR) og stadionrock.[123][124] I 1988 sa John Kalodner, då A&R-leiar for Geffen Records, at «Etter mi meining, er dei ved sidan av the Beatles det viktigaste bandet i historia. Dei påverka måten musikk vert framvist på plater, AOR-radio, konsertar. Dei sette standarden for AOR-radioformatet med 'Stairway to Heaven' og hadde hittar på AOR utan nødvendigvis ha hittar på Topp 40. Dei var dei første som gjorde dei verkeleg store arenakonsertane, som alltid var utselde, og spelte på stadion utan oppvarmingsband. Folk kan gjere det like bra som dei, men aldri gå forbi dei.»[125] Andrew Loog Oldham, den tidlegare produsenten og manageren til The Rolling Stones, kommenterte korleis Led Zeppelin hadde ein stor innverknad på plateindustrien, og måten rockekonsertar vart styrt og presentert for store publikum.[126] Bandet selde over 200 millionar album på verdsbasis i følgje somme kjelder,[127] medan andre kjelder hevdar dei selde over 300 millionar plater,[8] inkludert 111,5 millionar plater berre i USA.[9] I følgje Recording Industry Association of America er Led Zeppelin det fjerde mestseljande bandet eller artisten i USA, og berre ein av berre tre artistar som har klart fire eller fleire diamantalbum.[128]

Led Zeppelin hadde òg stor kulturell innverknad.[129] Jim Miller, redaktør av Rolling Stone Illustrated History of Rock & Roll, hevdar «På eit nivå representerer Led Zeppelin den siste bløminga av den psykedeliske etikken frå 60-åra, som former rock som eit passivt sanseleg engasjement.»[130] Led Zeppelin var sentrale i overgangen frå rockemiljøet i 60-åra for ungdomen til ein mandig, seksuell, aggressiv rock, som ei mannleg uttrykksform.[48][130][131] Sansen bandet hadde for mote var òg viktig. Simeon Lipman, leiar for popkultur i auksjonshuset Christie's har kommentert at «Led Zeppelin har hatt ein stor innverknad på mote, fordi heile auraen rundt dei er så bra, og folk ville vere ein del av det.»[132] Led Zeppelin la grunnlaget for hårmoten for 80-talsband som Mötley Crüe og Skid Row. Andre musikarar har òg teke til seg element frå haldninga Led Zeppelin hadde til klede, smykker og hår, som Kings of Leon, Jack White frå The White Stripes og Kasabian-gitarist Sergio Pizzorno.[132]

Prisar og lovord[endre | endre wikiteksten]

Led Zeppelin vart stemnd fram som «beste konsertband» på MOJO Awards i 2008.

Nokre av prisane bandet har fått er mellom andre æresprisen til Grammy i 2005,[133] og Polar Music Prize i 2006.[134] Led Zeppelin vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1995,[135] og UK Music Hall of Fame i 2004.[136] Bandet vart kåra til det beste hardrockbandet av VH1[137] og Classic Rock.[138] Led Zeppelin er eit av dei mest piratkopierte banda gjennom tidene.[139]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Led Zeppelin Biography». Rolling Stone. Wenner Media. http://www.rollingstone.com/music/artists/led-zeppelin/biography. Henta 20. mars 2011. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 2,8 2,9 Stephen Thomas Erlewine. «Led Zeppelin Biography». Allmusic. Rovi Corporation. http://www.allmusic.com/artist/p4739. Henta 11 November 2008. 
  3. 3,0 3,1 Susan Fast. «Led Zeppelin (British Rock Group)». Encyclopædia Britannica. http://www.britannica.com/EBchecked/topic/334473/Led-Zeppelin. Henta 6 February 2011. 
  4. 4,0 4,1 Tim Grierson. «What Is Rock Music? A Brief History of Rock Music». About.com. http://rock.about.com/od/rockmusic101/a/RockHistory.htm. Henta 20. mars 2011. 
  5. John Brackett (2008). «Examining rhythmic and metric practices in Led Zeppelin’s musical style». Popular Music 27(1): 53–76. 
  6. Peter Buckley (2003). The Rough Guide to Rock (3 ed.). Penguin Books. s. 585. ISBN 1-85828-457-0. 
  7. Thorpe, Vanessa (2007-7-29). «Led Zeppelin join the net generation». Guardian. 
  8. 8,0 8,1 Sorel-Cameron, Peter (2007-12-09). «Can Led Zeppelin still rock?». CNN. 
  9. 9,0 9,1 9,2 «Top Selling Artists». RIAA. http://riaa.com/goldandplatinumdata.php?resultpage=1&table=tblTopArt&action=. Henta 20. mars 2011. 
  10. «Led Zeppelin Billboard Albums». Allmusic. Rovi Corporation. http://www.allmusic.com/artist/led-zeppelin-p4739/charts-awards. Henta 20. mars 2011. 
  11. Led Zeppelin: The Heaviest Band of All Time - Metal, Black Magick and Sex. Rolling Stone. 28. juli 2006.
  12. Mikal Gilmore. The Long Shadow of Led Zeppelin. Rolling Stone (1006- August 2006). Henta 20. mars 2011. "Savaged by critics, adored by fans, the biggest band of the Seventies took sex, drugs and rock & roll to epic heights before collapsing under the weight of its own heaviness."
  13. «Led Zeppelin Biography». Rock and Roll Hall of Fame. http://rockhall.com/inductees/led-zeppelin/bio/. Henta 20. mars 2011. 
  14. Georgie Rogers (16 June 2008). «MOJO Award Winners». BBC. 
  15. «Led Zeppelin Acceptance Speech – MOJO Honours List 2008» (video). http://www.youtube.com/watch?v=xM3xxurMOZo&feature=related. 
  16. 16,0 16,1 Mick Wall (2008), When Giants Walked the Earth: A Biography of Led Zeppelin, London: Orion, s. 13–15, 52.
  17. Mat Snow, "Apocalypse Then", Q Desember 1990, s. 74–82.
  18. 18,00 18,01 18,02 18,03 18,04 18,05 18,06 18,07 18,08 18,09 18,10 18,11 Stephen Davis (1995). Hammer of the Gods: The Led Zeppelin Saga (LPC). New York: Berkley Boulevard Books. ss. 32, 44, 64, 190, 225, 277. ISBN 978-0425182130. OCLC 0330438591. 
  19. Buckley, Peter (2003). The Rough Guide to Rock. s. 1198. ISBN 1843531054. 
  20. 20,0 20,1 Dave Schulps (October 1977). «Interview with Jimmy Page». Trouser Press. http://www.iem.ac.ru/zeppelin/docs/interviews/page_77.trp. Henta 20. mars 2011. 
  21. 21,0 21,1 Dominick A. Miserandino (29 November 2000). «Led Zeppelin». TheCelebrityCafe.com.. http://thecelebritycafe.com/interviews/john_paul_jones.html. Henta 20. mars 2011. 
  22. Liner notes by Cameron Crowe for The Complete Studio Recordings.
  23. 23,0 23,1 23,2 23,3 23,4 23,5 23,6 23,7 23,8 23,9 Chris Welch (1994). Led Zeppelin. London: Orion Books. ss. 21, 28, 31, 37, 47, 49, 63, 68, 85, 92, 94–95. ISBN 1-85797-930-3. 
  24. Chris Welch; Geoff Nicholls (4 October 2001). John Bonham: A Thunder of Trommer. Backbeat Books. ISBN 978-0879306588. 
  25. 25,0 25,1 25,2 Fred Dollar (2005). Led Zep were my backing band. s. 83. 
  26. «Gladsaxe Teen Clubs website: Led Zeppelin's first gig». Teenclubs.dk. http://www.teenclubs.dk/Led_Zeppelins_first_gig_UK_version.html. Henta 20. mars 2011. 
  27. «Led Zeppelin official website: 1968 timeline». Ledzeppelin.com. http://ledzeppelin.com/timeline/1968. Henta 20. mars 2011. 
  28. Wall, s. 51-52
  29. Wall, s. 72-73
  30. 30,0 30,1 Keith Shadwick (2005). Led Zeppelin The Story of a Band and their Music 1968–1980. s. 36. ISBN 0879308710. 
  31. «Led Zeppelin Biography». Jimmy Page Online. http://www.jimmypageonline.com/11318/42826.html. Henta 5 September 2010. 
  32. Ian Fortnam (2008). Dazed & confused. Classic Rock (magazine): Classic Rock Presents Led Zeppelin. s. 43. 
  33. 33,0 33,1 Dave Lewis (1994). The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin (Kindle Edition ed.). Omnibus Press. s. 3. ASIN B0033780TA. 
  34. Wall, s. 73-74
  35. Thomas MacCluskey, "Rock Concert Is Real Groovy". Reproduced at www.led-zeppelin.org
  36. The History of Rock 'n' Roll: The 70s: Have a Nice Decade (1995), film regissert av Bill Richmond.
  37. Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9, s. 14.
  38. «Review of Led Zeppelin II at Connolly & Company.com». Connollyco.com. http://www.connollyco.com/discography/led_zeppelin/led2.html. Henta 20. mars 2011. 
  39. 39,0 39,1 Thomas, Stephen (22 October 1969). «Review of Led Zeppelin II at Allmusic». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/r11460. Henta 20. mars 2011. 
  40. Erlewine, Stephen Thomas (2007). All Music Guide Required Listening: Classic Rock (1st ed.). San Francisco: Backbeat Books. s. 98. ISBN 0-87930-917-2. 
  41. 41,0 41,1 41,2 41,3 41,4 Mick Wall. "The truth behind the Led Zeppelin legend", Times Online, 1 November 2008
  42. «BBC Wales Music - Bron-Yr-Aur». http://www.bbc.co.uk/wales/music/sites/history/pages/led-zeppelin-bron-yr-aur.shtml. 
  43. «Review of Led Zeppelin III at Allmusic». http://www.allmusic.com/album/r11457. 
  44. «Q4 Review of Led Zeppelin 3». http://www.q4music.com/nav?page=q4music.review.redirect&fixture_review=124845&resource=124845&fixture_artist=144739. 
  45. Ted Drozdowski. Jimmy Page Goes ‘Country’: The Story of Led Zeppelin III. Gibson. Henta 20. mars 2011.
  46. 46,0 46,1 46,2 46,3 46,4 Dave Lewis (2003), Led Zeppelin: Celebration II: The 'Tight But Loose' Files, London: Omnibus Press. ISBN 1-84449-056-4, s. 30, 35, 45, 49, 80.
  47. Michael Wale, "Led Zeppelin", The Times, 11 July 1973.
  48. 48,0 48,1 Steve Waksman. Instruments of desire: the elektrisk gitar and the shaping of musical experience. Harvard University Press.
  49. Nigel Williamson, "Forget the Myths", Uncut, Mai 2005, s. 68.
  50. «Top 100 Albums». RIAA. http://www.riaa.com/goldandplatinumdata.php?table=tblTop100. Henta 11 August 2008. 
  51. "Sold on Song: Stairway To Heaven", BBC.com.
  52. Karen Karbo, "Stairway To Heaven: Is This the Greatest Song of All Time?", Esquire, November 1991.
  53. Toby Manning, "Broad Church", Q Led Zeppelin Special Edition, 2003.
  54. Koldo Barroso, "Best albums with nude covers and the stories behind", intuitivemusic.com, 9 November 2006.
  55. Blumenthal, Ralph. "Police Check Led Zeppelin Party for Clue in Theft" The New York Times 31 July 1973: 18
  56. Liner notes by Cameron Crowe for The Song Remains the Same, reissued version, 2007.
  57. Jim Miller, "Album Review: Physical Graffiti", Rolling Stone, 27. mars 1975.
  58. Wall, s. 340
  59. Stephen Davis, "Album Review: Presence", Rolling Stone, 20. mai 1976.
  60. Jonh Ingham, "Led Zeppelin: Presence (Swan Song)", Sounds, 10 April 1976. Reproduced in Rock's Backpages.com
  61. Keith Shadwick (2005). Led Zeppelin: The Story of a band and Their Music 1968–1980. San Francisco: Backbeat Books. s. 320. ISBN 9780879308711. 
  62. «Led Zeppelin official website: concert summary». Ledzeppelin.com. 30 April 1977. http://ledzeppelin.com/show/April-30-1977. Henta 20. mars 2011. 
  63. «Led Zeppelin official website: concert summary». Ledzeppelin.com. 3 June 1977. http://ledzeppelin.com/show/june-3-1977. Henta 20. mars 2011. 
  64. «Led Zeppelin official website: concert summary». Ledzeppelin.com. 23 July 1977. http://ledzeppelin.com/show/july-23-1977. Henta 20. mars 2011. 
  65. Ritchie Yorke (1993). Led Zeppelin: The Definitive Biography. s. 210. 
  66. «Led Zeppelin official website: concert summary». Ledzeppelin.com. 24 July 1977. http://ledzeppelin.com/show/july-24-1977. Henta 20. mars 2011. 
  67. «Led Zeppelin official website: concert summary». Ledzeppelin.com. 27 June 1980. http://ledzeppelin.com/show/june-27-1980. Henta 20. mars 2011. 
  68. «Led Zeppelin official website: concert summary». Ledzeppelin.com. 7 July 1980. http://ledzeppelin.com/show/july-7-1980. Henta 20. mars 2011. 
  69. "Sea of Love - The Honeydrippers", Billboard.com, henta 20. mars 2011.
  70. 70,0 70,1 Lewis, Dave and Pallett, Simon (1997) Led Zeppelin: The Concert File, London: Omnibus Press, s. 139.
  71. 71,0 71,1 Prato, Greg. «Jimmy Page Biography». Allmusic. http://www.allmusic.com/artist/p5091. Henta 20. mars 2011. 
  72. "Jimmy Page says last Led Zeppelin reunion was a disaster", List.co.uk, 20 November 2007.
  73. James Jackson, "Jimmy Page on Led Zeppelin IV, the band's peak and their reunion, The Times, 8 January 2010.
  74. 74,0 74,1 Lewis, Dave and Pallett, Simon (1997) Led Zeppelin: The Concert File, London: Omnibus Press, s. 140.
  75. Charles Shaar Murray, "The Guv’nors'", Mojo, August 2004, s. 75.
  76. Adam Howorth, "A life beyond Led", 9 July 2002. Reproduced at www.led-zeppelin.org.
  77. Lewis, Dave Lewis and Simon Pallett (1997) Led Zeppelin: The Concert File, London: Omnibus Press. ISBN 0-7119-5307-4, s. 144.
  78. «– UK Top 40 Chart Archive, British Singles & Album Charts». Everyhit.com. 16 March 2000. http://www.everyhit.com/. Henta 20. mars 2011. 
  79. Wall, s. 437
  80. "Award for 'pioneers' Led Zeppelin", BBC News, 23 May 2006.
  81. "Led Zeppelin make UK Hall of Fame", BBC News, 23 May 2006.
  82. Jonathan Cohen, "Led Zeppelin Readies Fall Reissue Bonanza", billboard.com, 27 July 2007.
  83. Leeds, Jeff. "Led Zeppelin Agrees to Make Its Songs Available Digitally". New York Times, 15 October 2007
  84. Guinness World Records Launches 2009 Edition. Guinness World Records. Henta 21. mars 2011.
  85. Hamish MacBain, "Led Zeppelin reunion: the review" New Musical Express, 10 December 2007.
  86. Tamlmadge, Eric (28 January 2008). «Led Zeppelin Gitarist Wants World Tour». The Huffington Post. http://www.huffingtonpost.com/2008/01/28/led-zeppelin-gitarist-wa_n_83534.html. Henta 21. mars 2011. 
  87. Jones, Damian (8 June 2008). «Led Zep stars join Foo Fighters». BBC. 
  88. «Led Zeppelin trio back in studio». BBC. 26 August 2008. 
  89. «Led Zeppelin plan to audition new singer». The Sun. 20 September 2008. http://www.thesun.co.uk/sol/homepage/showbiz/bizarre/article1712616.ece. Henta 21. mars 2011. 
  90. «Led Zeppelin to reunite». Daily Telegraph Sydney. 21. mars 2011. 
  91. Chaytor, Rod (27 September 2008). «Zep's Jason sells up for 'world tour'». The Daily Mirror. http://www.mirror.co.uk/news/top-stories/2008/09/27/zep-s-jason-sells-up-for-world-tour-115875-20755279/. Henta 21. mars 2011. 
  92. «Robert Plant – Official Statement». robertplant.com. 29 September 2008. http://www.robertplant.com/index.php?l1=2&l2=0&l3=0&articleID=186&rt=NE&PHPSESSID=6235928e9e15317186503f0c80686264. Henta 21. mars 2011. 
  93. Beech, Mark (29 September 2008). «Led Zeppelin Singer Robert Plant Rules Out Reunion Record, Tour». Bloomberg. http://www.bloomberg.com/apps/news?pid=20601088&sid=aU_5GfM1LTsc&refer=muse. Henta 21. mars 2011. 
  94. Youngs, Ian (28 October 2008). «Zep warned off "pointless" tour». BBC News. 
  95. Wall, s. 459-360
  96. Bosso, Joe (21. mars 2011). «"Led Zeppelin are over!" says Jimmy Page's manager». MusicRadar. http://www.musicradar.com/news/gitarar/led-zeppelin-are-over-says-jimmy-pages-manager-190946. 
  97. Gilmore, Mikal (10 August 2006). «The Long Shadow of Led Zeppelin». Rolling Stone (2006). Arkivert frå originalen den 2007-12-12. 
  98. Ellen Koskoff. Music cultures in the United States: an introduction. Routledge.
  99. «MTV – Black Sabbath: The Greatest Metal Bands of all time». Mtv.com. 9 March 2006. http://www.mtv.com/bands/m/metal/greatest_metal_bands/071406/index2.jhtml. Henta 21. mars 2011. 
  100. «MEGADETH Frontman Dave Mustaine On 'Hangar 18' - "You Can Almost Hear THE BEATLES Influence And The LED ZEPPELIN Influence At The Front Of The Song"». Bravewords.com. 30 September 2010. http://www.bravewords.com/news/147452. Henta 21. mars 2011. 
  101. Dave Mustaine Interviewed by Lisa Sharken. Henta 21. mars 2011. My playing influences were guys like Angus Young, Jimmy Page, Ace Frehley and Michael Schenker.
  102. Mark Hodkinson. Queen: the early years. Omnibus Press.
  103. Andrew L. Cope. Black Sabbath and the rise of heavy metal music. Ashgate Publishing.
  104. Prog Rock Guides / What is Progressive Rock?. ProgArchives.com. Henta 21. mars 2011.
  105. Pete Prown, Harvey s. Newquist, HP Newquist and Jon F. Eiche (1997), Legends of rock gitar: the essential reference of rock's greatest gitarists, Hal Leonard Corporation, ISBN 0-7935-4042-9, s. 167.
  106. Jon Pareles. Lollapalooza's Recycled Hormones: Rebellion by the Numbers. The New York Times. Henta 21. mars 2011.
  107. Ryan Sparks. Carpe Diem : An Exclusive Interview with Mike Portnoy from Dream Theater
  108. Conservative Punk's Interview with Johnny Ramone, conducted 2 April 2003 by telephone. Interviewer, Sgt. Robert Jones, U.S. Army, Fort Dix, New Jersey, with Johnny Ramone, at his home in Los Angeles. Henta 21. mars 2011. "The Ramones were never anti-Led Zeppelin. Maybe 'anti-groups-who-just-aped Led Zeppelin."
  109. Ramones: The True Story. Classic Rock Legends. B000CRSF6W. . "Johnny Ramone stated in the documentary "Ramones:The True Story" that he improved at his down-stroke picking style by playing the song [Communication Breakdown] over and over again for the bulk of his early career."
  110. Erlewine, Stephen Thomas. «The Cult - Biography». Allmusic. http://www.allmusic.com/artist/p4001. Henta 21. mars 2011. . "Picking up the pseudo-mysticism and Native American obsessions of The Doors [and] the guitar-orchestrations of Led Zeppelin ... The Cult gained a dedicated following in their native Britain."
  111. Ian Astbury | Interview Allvoices.com. Henta 21. mars 2011.
  112. Scott Witmer. History of Rock Bands. ISBN 978-1-60453-692-8. ABDO Publishing Company.
  113. Perry Grossman. Alternative Rock. St. James Encyclopedia of Pop Culture 2002.
  114. Django Haskins. Stand Alone Tracks '90s Rock: Handy Guide, Book & CD. Alfred Music Publishing.
  115. Gustavo Turner. The L.A. Weekly Interview: Billy Corgel. LA Weekly.
  116. Everett True. Nirvana: the biography. Da Capo Press.
  117. Scott Schinder and Andy Schwartz (2008), Icons of Rock: Elvis Presley ; Ray Charles; Chuck Berry ; Buddy Holly ; The Beach Boys ; James Brown ; The Beatles ; Bob Dylan ; The Rolling Stones ; The Who ; The Byrds ; Jimi Hendrix, Greenwood Publishing Group, ISBN 0-313-33846-9, s.405. Pearl Jam bassist Jeff Ament told Rolling Stone that Led Zeppelin was "the band we always looked toward."
  118. Adam Budofsky. The drummer: 100 years of rhythmic power and invention. Hal Leonard Corporation.
  119. «Madonna: CNN Interview». Cnn.com. 19 January 1999. 
  120. «The poet and the princess». London: Guardian. 8 June 2002. 
  121. Cochrane, Greg (23 January 2009). «Lady GaGa reveals her touring secrets». BBC. 
  122. Led Zeppelin: Katie Melua on rock'n'roll riffs that rake the psyche. The Independent. Henta 21. mars 2011.
  123. D. Bukszpan, The Encyclopedia of Heavy Metal, (Barnes and Noble Publishing, 2003), ISBN 0-7607-4218-9, s. 121.
  124. S. Waksman, This Ain't the Summer of Love: Conflict and Crossover in Heavy Metal and Punk (University of California Press, 2009), ISBN 0-520-25310-8, s. 21-31.
  125. Pond, Steven. "Led Zeppelin: The Song Remains the Same", Rolling Stone 24 March 1988.
  126. Rob Hughes, THE REAL JIMMY PAGE, Uncut. Henta 21. mars 2011.
  127. Thorpe, Vanessa (2007-7-29). «Led Zeppelin join the net generation». Guardian. 
  128. «RIAA News Room». Riaa.com. 29 November 1999. http://www.riaa.com/newsitem.php?news_year_filter=&resultpage=109&id=3E66A511-1B98-4B07-ECD3-174C7088CDB7. Henta 21. mars 2011. 
  129. Michael Schuman. Led Zeppelin: Legendary Rock Band. Enslow Publishers.
  130. 130,0 130,1 Simon Frith. On record: rock, pop, and the written world. Routledge
  131. Susan Fast (2001). In the Houses of the Holy: Led Zeppelin and the Power of Rock Music. s. 210. ISBN 0-19-511756-5. 
  132. 132,0 132,1 Carola Long, "Led Zeppelin: The enduring influence of flares and flowing locks", The Independent
  133. «Lifetime Achievement Award». Grammy. 8 February 2009. Arkivert frå originalen den 2008-04-04. http://web.archive.org/web/20080404013633/http://www.grammy.com/Recording_Academy/Awards/Lifetime_Awards/. Henta 21. mars 2011. 
  134. «Polar Music Prize to Led Zeppelin and Russia's Valery Gergiev». Monstersandcritics.com. 22 May 2006. http://www.monstersandcritics.com/music/news/article_1165837.php/Polar_Music_Prize_to_Led_Zeppelin_and_Russia_s_Valery_Gergiev:. Henta 21. mars 2011. 
  135. «Inductee List: Rock and Roll Hall of Fame». Rockhall.com. http://www.rockhall.com/inductees/inductee-list/. Henta 21. mars 2011. 
  136. «BBC:Led Zeppelin make UK Hall of Fame». BBC News. 12 September 2006. 
  137. «100 greatest artists of hard rock». VH1. http://www.rockonthenet.com/archive/2000/vh1hardrock.htm. Henta 21. mars 2011. 
  138. 50 Best Live Acts of All Time (April 2008). Classic Rock Magazine. Henta 21. mars 2011.
  139. Heylin, Clinton (2004). Bootleg! The Rise & Fall of the Secret Recording Industry. Omnibus Press. ISBN 184449151X. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Led Zeppelin
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Led Zeppelin