Ayran

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fersk ayran

Ayran er ein tyrkisk jogurtdrikk. Han blir laga ved å blanda jogurt av ku- og/eller vassbøffelmjølk med vatn, salt og av og tilsett urter som sitronmelisse, peparmynte eller basilikum.

Ayrankopp av kopar.

Ein serverer tradisjonelt ayran med eit tjukt lag skum oppi ein koparkopp. Drikken kan også serverast i glas.

Ayran skal serverast kald, vanlegvis til kjøt, kebab eller rundstykke. I Tyrkia er han så populær at ein får han på standardmenyane til McDonalds. I andre land må ein leita etter drikken på tyrkiske restaurantar og kebabkioskar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ayran

Kjelder[endre | endre wikiteksten]