Azeri–Chirag–Guneshli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Azeri–Chirag–Guneshli|
LocationAzerbaijan.png
Informasjon
Operatør AIOC (BP, Chevron, SOCAR, INPEX, Statoil, ExxonMobil, TPAO, Devon Energy, Itochu, Amerada Hess)
Produksjon 1 000 000 fat/år
Funnår
Oppstart 1997
Geografi og geologi
Plassering Kaspihavet i Aserbajdsjan




Rettshavarar

Azeri–Chirag–Guneshli (ACG) (aserbajdsjansk: Azəri-Çıraq-Günəşli) er eit stort oljefelt i Kaspihavet, om lag 120 km utanfor kysten av Aserbajdsjan. Det er estimert at feltet dekkjer 432,4 km².[1] Operatør på feltet er eit konsortium leia av BP. ACG-felta er estimert til å ha 5 til 6 milliardar fat petroleum. Mot slutten av 2005 var produksjonen frå åtte oljebrunnar ved plattforma om lag 240 000 oljefat per dag. Den totale produksjonen nådde meir enn 800 000 fat per dag i 2007 og kring 1 million fat per dag i 2009.[2]

BP rapporter at råolje frå ACG vert eksportert gjennom Baku–Tbilisi–Ceyhan-røyrleidninga til Middelhavet og Baku-Supsa-røyrleidninga til Supsa i Georgia, samg gjennom Baku-Novorossijsk-røyrleidninga til Novorossijsk i Russland. Ein trur òg at det finst store gassførekomstar under ACG-oljefelta, som kan nyttast for den planlagte Nabucco-røyrleidninga.[3] Rapportar frå media indikerer at i følgje American Consulting Association IHS CERA (Cambridge Energy Research Associates), er Azeri–Chirag–Guneshli-feltet det tredje største feltet ut av 20 oppførte i verda. Den totale investeringa er estimer ttil $20 milliardar.[4] I 2008 utgjorde olja frå ACG-feltet nesten 80 % av den totale oljeproduksjonen i Aserbajdsjan.[5] and is expected to bring Azerbaijan potential $80 billion in profits[6]

Eigarskap[endre | endre wikiteksten]

Rettshavarar i Azeri-Chirag-Gunashli-feltet er BP med 34,1367 %, ChevronTexaco - 10,2814 %, SOCAR - 10 %, INPEX - 10 %, Statoil - 8,5633 %, ExxonMobil - 8,006 %, TPAO - 6,75 %, Devon Energy - 5,6262 %, Itochu - 3,9205 % og Amerada Hess - 2,7213 %. Russiske Lukoil trekte seg ut av prosjektet i 2003 og selde alle rettane sine til INPEX. Avtalen var på $1,354 milliardar.[7] Produksjonsdelingsavtalen vart signert av partane den 20. september 1994 for utvikling av feltet dei neste 30 åra.[2][8][9] Dagen signeringa vart utført vert feira som «Oljearbeidardagen» i Aserbajdsjan.[1] BP er operatør og leiar konsortiet AIOC.[10]

Utviklingssteg[endre | endre wikiteksten]

Utviklinga av Azeri–Chirag–Guneshli-feltet vart delt i tre fasar og var ferdig i 2008:

  • 1. fase - utvklinga av Chirag-feltet stod ferdig og vart operasjonelt i 1997.
  • 2. fase bestod av tre fasar:
    • Fase I - utviklinga av Central Azeri-plattforma - i drift sidan februar 2005.
    • Fase II - utviklinga av West Azeri-feltet - i drift sidan desember 2005.
    • Fase III - utviklinga East Azeri-feltet - i drift sidan november 2006
  • 3. fase - konstruksjons av djupvassplattforma Gunasjli (Deep Water Gunashli - DWG) - i drift sidan april 2008[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 SOCAR website Azeri-Chirag-Guneshli
  2. 2,0 2,1 Offshore Technology. Azeri-Chirag-Gunashli (ACG) Oil Field, Caspian Sea, Azerbaijan
  3. Vladimir Socor (2007-05-09). «Caspian gas plentiful now for Nabucco pipeline project». Eurasia Daily Monitor (The Jamestown Foundation) 4 (92). 
  4. A.Badalova (2009-08-18). «Azerbaijani oil field third in IHS CERA ranking of world's 20 largest oil fields». Trend News Agency. 
  5. US Energy Information Administration. Azerbaijan
  6. Akiner, Shirin (2004). The Caspian: politics, energy and security. RoutledgeCurzon. s. 129. 
  7. «Lukoil completes sale of its interest in the Azeri-Chirag-Gunashli project to Inpex» (Press release). Lukoil. 2003-04-28. http://www.lukoil.com/press.asp?div_id=1&id=2112&year=2003. Henta 17. april 2012. 
  8. Tarel Gusep. Translated by Theresa Murphy (2006-01-13). «West Azeri platform of the Azeri-Chirag-Guneshli offshore oilfield ommences oil extraction». Caucaz europenews. 
  9. «BP reports over 1 bn barrel of oil production in Azeri-Chirag-Guneshli field». 14. Alexander's Gas and Oil Connections. 2009-04-15. 
  10. 10,0 10,1 BP website. The largest oil field under development in the Azerbaijan sector of the Caspian basin