Bío-Bío-elva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bío-Bío-elva
elv
Land  Chile
Kart
Bío-Bío-elva
36°49′10″S 73°09′52″W / 36.8194°S 73.1644°W / -36.8194; -73.1644
Kart over elvebassenget.
Kart over elvebassenget.
Kart over elvebassenget.
Wikimedia Commons: Bío-Bío River

Bío-Bío-elva (òg skriven Biobío og Bio Bio) er den nest største elva i Chile. Ho har kjelder i innsjøane Icalma og Gualletué i Araucanía-regionen i Andes og flyt ca. 380 kilometer mot nordvest gjennom Biobío-regionen før ho endar i Stillehavet ved Concepción. Frå midten av 1500-talet til 1880-talet var Bío-Bío grenselva mellom det spanskstyrte Chile og det sjølvstyrte mapucheterritoriet. Territoriet sør om elva vart ikkje tatt inn i Chile før etter felttoget mot mapuche, kalla pasifiseringa av Araucania.

Tidleg på 1980-talet vart elva kjend på nytt som ei av verdas beste elver for rafting med høve til turar som varer i sju dagar gjennom nokre av dei chilenske villmarksområda. Delar av dette gjekk tapt med den kontroversielle konstruksjonen av Pangue-dammen som også førte til tvangsflytting av urfolket i området, picunche.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.