Böhmen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Böhmen (tsjekkisk: Čechy; latin, engelsk o.a.: Bohemia; fransk Bohême) er eit historisk område i Sentral-Europa som tidlegare høyrte til Austerrike, og som i dag, saman med det noko mindre Mähren (Moravia), utgjer staten Tsjekkia. Som geografisk region er det i dag òg kjend under det tsjekkiske namnet Čechy. Hovudstaden er Praha. Böhmen grensar i nord til Schlesien (i dag i Polen), i aust mot Mähren, i sør mot Austerrike og i vest og nordvest mot Tyskland.

Böhmen i dagens Tsjekkia.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Romerske forfattarar er dei første som nemner området, som heimland for boiarane, ei keltisk stamme, som gjennom det latinske Boiohaemum har gjeve namn til regionen. I det første hundreåret før Kristus var området busett av germanske stammar, som seinare immigrerte vestover, og på 500-talet vart erstatta av dei slaviske forløparane for dagens tsjekkarar.

Etter å ha frigjeve seg sjølv frå avarane600-talet kom Böhmen under Premyslide-dynastiet sitt herredøme, som varte fram til 1306, då Wenzel III vart myrda i Olmütz. Med omvendinga til kristendomen800-talet vart det knytt nære samband til Det austfrankiske kongedømet, som då høyrde til det karolingiske keisardømet, seinare kjend som Det tysk-romerske riket, som Böhmen vart ein del av frå 900-talet.

Wappen Königreich Böhmen.png

Tittelen konge av Böhmen vart allereie tildelt dei premyslidiske hertugane Vratislav II (1085) og Vladislav II (1158), og vart arveleg i 1198 under Ottokar I. Barnebarnet hans, Ottokar II, grunnla eit kortvarig imperium som òg omfatta dagens Austerrike. På midten av 1200-talet byrja tyskarar å immigrere til områda, som delvis erstatta tapa etter den mongolske invasjonen i 1241. I 1347 vart Karl IV konge i Böhmen, og i Praha grunnla han i 1348 det første universitetet i Sentral-Europa. Böhmen vart fram til 1900-talet sterkt prega av tysk kultur, og det offisielle språket var tysk fra byrjinga av 1600-talet. Dei tyskkulturelle innbyggjarane utgjorde i stor grad eliten, som byborgarar, adel og godseigarar, medan dei vanlege bøndene i større grad var slavisktalande folkeslag som tjekkarar.

Böhmen var eit eige kongedøme under den tysk-romerske keisaren fram til 1627, og vart så ein del av Austerrike. Etter den første verdskrigen vart området ein del av det nyoppretta Tsjekkoslovakia. Böhmen utgjorde saman med Mähren det tyske riksprotektoratet Böhmen-Mähren 1939-1945, og vart så igjen ein del av Tsjekkoslovakia. Etter at Tsjekkoslavkia vart delt i 1993, vart området ein del av den nye staten Tsjekkia.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Bøhmisk kjøkken og den bøhmiske blasmusikk er vidkjend.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Poche, Emanuel: Böhmen und Mähren, München/Berlin 1986 (Kunstdenkmäler in der Tschechoslowakei, hg. v. Reinhardt Hootz)
  • Fehr, Götz: Fernkurs in Böhmisch ISBN 3-458-33033-X
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Böhmen