Bønes kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bønes kyrkje
kyrkje
Foto: Reinhardheydt
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Bergen
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Fana
Fellesråd Bergen
Arkitekt Helge Hjertholm
Innvigd 1997 (1. byggetrinn)
2009 (2. byggetrinn)
Sitjeplassar 300
Kart
Bønes kyrkje
60°19′48″N 5°18′05″E / 60.329975°N 5.301483°E / 60.329975; 5.301483
Wikimedia Commons: Bønes kirke

Bønes kyrkje er ei arbeidskyrkje frå 1997 i Bergen kommune i Vestland fylke. Kyrkja er teikna av arkitekt Helge Hjertholm, som òg har teikna Søreide kyrkje og Fyllingsdalen kyrkje i Bergen.

Kyrkja på Bønes vart reist etter mange år med kronerulling mellom folk på Bønes. Frå slutten av 1970-åra til byrjinga av 1990-åra auka folketalet på Bønes med om lag 8500, frå eit utgangspunkt på 500 menneske. Området sokna då til Storetveit kyrkje, men det voks fram eit lokalt ønskje om eiga kyrkje på Bønes. Dette var ikkje inne i Bergen kommune sine planar før tidlegast i 2010, og det vart difor teke private initiativ for å få bygd ei kyrkje. Ein byggekomité vart sett ned i 1994, og i 1996 kunne ein starte bygginga. Kyrkja vart vigsla av biskop Ole D. Hagesæther 7. desember 1997, og Bønes vart eige sokn 1. januar 2002.

6. desember 2009 vart andre byggetrinnet av Bønes kyrkje offisielt opna.

Det vert normalt halde gudsteneste i kyrkja kvar søndag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bønes kirke. Åpen synlig og tilstede, informasjonsbrosjyre frå kyrkjelyden

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kursiv tekst