BMW

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
BMW


Fàbrica i museu de BMW el 2014 Sjå dette på Wikidata
BransjeBilindustri, bygging av motorkøyretøy, flybygging,[1] holdingselskapsverksemd
Skipa7. mars 1916
EigarStefan Quandt,[2] Susanne Klatten,[2] BlackRock[2]
DotterselskapRolls-Royce
HovudkontorMünchen[3]
LandTyskland
Produktbil, motorsykkel, elbil
Grunnleggjar(ar)Camillo Castiglioni, Karl Rapp, Franz Josef Popp, Gustav Otto
StyreleiarNorbert Reithofer (mai 2015)[4]
Salsinntekter13 999 000 000 euro (2022)[5]
Omsetnad13 999 000 000 euro (2022)[5]
Resultat18 582 000 000 euro (2022)[5]
Marknadsverdi59 907 000 000 euro (2019)[6]
Nettstadhttps://www.bmw.com (tysk)
BMW 320i, 2001-modell.

BMW (Bayerische Motoren Werke AG) er eit bayersk konsern som produserer bilar og motorsyklar.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Selskapet vart etablert under dagens namn den 20. juli 1917 då det tidlegare Rapp-Motorenwerke skifte til Bayerische Motoren Werke GmbH.

BMW kjøpte i 1922 opp Bayerische Flugzeug-Werke (BFW), som vart etablert 7. mars 1916. Selskapet reknar dette som sin grunnleggingsdato.

BMW-symbolet slik vi kjenner det den dag i dag skal førestille ein flypropell, der det blå representerer himmelen. Motivet og fargane er dei same som i det bayerske statsvåpenet.

Verksemda som skulle bli til BMW laga flymotorar, men allereie i 1923 byrja dei å lage motorar for båtar og og lastebilar, og komplette motorsyklar. På slutten av 20-talet overtok dei bilfabrikken Dixi i Eisenach, som bygde den engelske folkebilen Austin Seven på lisens.

I 1933 byrja dei med rekkeseksar, som dei framleis er kjende for. Den fyrste var på berre 1,2 liter. Modellen heitte 303, og var konstruert av Fritz Fiedler.

Ein av de største klassikarane frå denne perioden er 328, som kom i 1936. Motoren i den vart bruka i billaup til 50-talet!

Etter 2. verdskrigen gjekk det dårleg for BMW. Bildivisjonen låg i austsona, og fram til 1955 bygde dei bilar med teknologi frå mellomkrigstida. Dei heitte fyrst Autowelo BMW, deretter EMW (Eisenacher Motoren Werke). Emblemet var identisk med BMW sitt, bortsett frå bokstavane, samstundes som den blå himmelen vart erstatta med ein raud himmel.

Dei fyrste åra etter krigen hadde dei meir enn nok med å fylle etterspurnaden av motorsyklar. Bilproduksjonen starta igjen i 1952, og då vart fabrikken flytt til München. Bilane som vart laga på 30-talet hadde modellnamn som starta med 3, og dei bilane som vart laga på 50-talet fekk modellnamn på 5, m.a. 501 og 502. Bilane var likevel tunge, og hadde for svake motorar. Dei sleit med salet og økonomien. Salet av sportsutgåvene 503 og 507 gjekk svakt òg.

BMW Isetta.
BMW F 650 GS Dakar (2004).

Det som redda økonomien var mikrobilen Isetta. Karosseriet var frå italienske ISO, og motoren var ein BMW motorsykkelmotor. I 1957 kom den større modellen 600, som vart ein stor fiasko, og selskapet var nær konkurs. Det var òg på nippet at Daimler-Benz kjøpte opp BMW. I 1959 kom modell 700, med hekkmotor! Denne selde brukbart, og heldt hjula i gang for BMW.

På 60-talet hadde dei ambisjonar om å koma seg inn i marknaden som låg mellom Opel og Mercedes. Denne marknaden var på denne tida dominert av Carl Borgwards modell Isabella. Han hadde dreiv særs godt, og banken hjelpte han alltid over vinteren, fram til nybilsalet tok seg opp på våren. BMW hyra ein advokat som kravde å sjå tala hans, vinteren 1960/61. Dei såg ikkje så bra ut, noko BMW laga så mykje støy rundt, at han vart slegen konkurs i 1961. Det trass i at han nyleg hadde investert i nye produksjonshallar, og hadde fleire nye modellar på gang, som var signert det italienske bildesignfirmaet Pietro Frua.

Hausten 1961 presenterte BMW sin modell 1500, som var designa av nettopp Pietro Frua. Denne hadde særs mange feil, men seinare modellar 1600, 1800 og 2000 hadde betre kvalitet, og selde også godt. I 1966 kom 02-serien, som leier fram til dagens 3-serie.

Dagens modellnamn kom utover 70-talet; 5-serien i 1972, 3-serien i 1976 og 7-serien i 1977. 6-serien kom òg i 1977. Supersportsbilen M1 kom i 1979, og M'en blir bruka den dag i dag på dei trimma versjonane av BMW sine bilar (M3, M5). I 2004 kom 1-serien òg.

BMW åtte òg Rover frå 1994 til 2001, har rettane til namnet Rolls-Royce (frå 2003) og merkenamnet Mini.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]