Baiyin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa av Baiyin (gul) i Gansu

Baiyin (kinesisk: 白银; pinyin: Báiyín) er eit byprefektur aust i provinsen Gansu, i den vestlege delen av Folkerepublikken Kina. Byprefekturet har eit areal på 21 200 km² og hadde 1 708 751 ibuarar i 2010.

Byprefekturet Baiyin omfattar to distrikt (区 ) og tre fylke (县 xiàn).

Geografi og klima[endre | endre wikiteksten]

Baiyin ligg mellom 1 275 og 3 321 meter over havet. Delar av landskapet er ørken.

Klimaet er svært turt. Årleg nedbørsmengd er mellom 110-350 millimeter, medan utturkinga på same tid er kring 2 100 mm. Huang He renn i 214 kilometer gjennom Baiyin.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 109 passerer gjennom området. Han knyter Beijing saman med Lhasa i Tibet. Vegen leier vestover frå Beijing via Datong, Yinchuan, Lanzhou og Xining til Golmud, før han vender sørvestover mot Lhasa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]