Baltzar von Platen (1766-1829)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå Baltzar von Platen for andre med same namnet
Baltzar von Platen (1766-1829)

Grev Baltzar Bogislaus von Platen (29. mai 17666. desember 1829) var ein svensk marineoffiser, kanalbyggjar og politikar. Han var son av feltmarskalk Philip Julius Bernhard von Platen og far til politikaren Baltzar von Platen (1804-1875).

Fram til statskuppet i Sverige i 1809 gjorde von Platen ei karriere i marinen, og vart kaptein. I 1809 vart han medlem av den svenske regjeringa, og fekk ein admiralstittel. Han vart sjef for arbeidet med å byggja ein kanal tvers gjennom Sverige. Bygginga av Göta kanal vart fullført i 1832, etter at han døydde.

Han vart utnemnd til riksstatthaldar av Noreg den 26. november 1827, eit embete han hadde til han døydde i Christiania (Oslo) den 6. desember 1829.

Von Platen vart gravlagd ved sida av Göta Kanal i Motala i Sverige. Mange som vitjar kanalen vitjar òg grava.