Bangor i Nord-Irland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om Bangor i Nord-Irland. For andre stader med same namn, sjå Bangor.

Bangor

Bangor Bay Seacliff Road.jpg
Plassering
Bangor i Nord-Irland is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Ulster banner.svg Nord-Irland
Region County Down
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)

61 527
Koordinatar 54°40′″N 5°40′″WKoordinatar: 54°40′″N 5°40′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer BT19-20
Telefon-retningsnummer 028
Nettstad: www.northdown.gov.uk
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bangor i Nord-Irland

Bangor er ein by i Down i Nord-Irland. Han er ein kystby på sørsida av Belfast Lough, som voks opp ved eit kloster grunnlagt av St. Comgall i 586. Klostret er kjent som staden der Antiphonarium Benchorense vart skriven, og ein kopi av manuskriptet er utstilt i kultursenteret i byen.

Byen er den tredje største i Nord-Irland, og er administrasjonssenter for distriktet North Down. Han har ein marina som òg er blant dei største i Nord-Irland. Royal Ulster Yeacht Club har hovudkvarteret sitt der.

Fordi Bangor ligg nær Belfast og er knytt til han gjennom vegen A2 og ei jernbanelinje, har han eit visst preg av å vere ein forstad til Belfast. Det finst noko lett industri, men mange av innbyggjarane er pendlarar. Turisme er ein viktig næringsveg, og det er planar om å oppruste området ned mot sjøen.

Fredsprisvinnaren og unionistpolitikaren David Trimble og Formel 1-føraren Eddie Irvine er begge opphavleg frå Bangor.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]