Jordanelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jordanelva
hebraisk: נהר הירדן, Nehar haYarden,

arabisk: نهر الأردن, Nahr al-Urdun

elv
none
Namneopphav: Hebraisk: ירדן (yardén, av ירד yarad, å stige nede)[1]
Land Flag of Israel.svg Israel, Flag of Palestine.svg Det palestinske området Flag of Jordan.svg Jordan
Regionar Vest-Asia, Kysten av Aust-Middelhavet
Distrikt Galilea
Landemerke Galileasjøen, Døypestaden, Daudehavet
Kjelde
 - stad Anti-Libanonfjella ved Hermon, Golanhøgdene
 - høgd 2 814 moh
Munning
 - stad Daudehavet
 - høgd
Lengd 251 km
Jordanelva renn langs grensa mellom Jordan og Israel
Jordanelva renn langs grensa mellom Jordan og Israel

Jordanelva, eller berre Jordan, er ei 251 km lang elv i Midtausten. Elva har utspring i Hermonfjella, og renn gjennom den jordanske Riftdalen via Genesaretsjøen i Galilea i Israel. Ho renn sørover til ho munnar ut i Daudehavet, som ingen elver renn ut frå.

Elva utgjer grensa mellom Jordan i aust og Palestina og Vestbreidden i vest. Vestbreidden av Jordanelva vart okkupert av Israel etter seksdagarskrigen i 1967.

Ei rekke kunstnarar har skildra døypinga av Jesus i Jordanelva. Denne fresken av Masolino er frå 1435.

Jordanelva er den viktigaste ferskvasskjelda i området. Det er strid om kva land og folkegrupper som får nytta seg av ferskvatnet i elva. Statane Israel, Libanon, Syria, Jordan og i tillegg dei palestinske sjølvstyresmaktene har alle interesse av å nytta vatnet i vassdraget.

Ei bibelsk elv[endre | endre wikiteksten]

Elva blir omtalt spreidde stader i Bibelen, mellom anna som kjelda til «Guds hage», ei stor, fruktbar slette. Ho er òg omtala som grenseelva mellom «to stammar og den halve stammen» i aust og «ni stammar og halve Manassestammen» som leia av Josva busette seg på Vestbreidden.

Jesus skal ha vorte døypt i elva då han var kring 30 år.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Klein, Ernest, A Comprehensive Etymological Dictionary of the Hebrew Language for Readers of English, The University of Haifa, Carta, Jerusalem, p.264

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jordanelva