Baron von Münchhausen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Münchhausen framstilt av Gustave Doré.
Baron von Münchhausen

Baron von Münchhausen, eigentleg Hieronimus Karl Friedrich von Münchhausen (fødd 11. mai 1720 på stamgodset Bodenwerder i Hannover, død der 22. februar 1797) var ein tysk friherre og anekdoteforteljar.

Münchhausen deltok som kavaleriløytnant i russisk teneste, i felttog mot tyrkarane og vart i 1750 befordra til ryttmeister. Som lidenskapeleg jeger og gladlynt selskapsmann, var han vidkjend i Hannover for groteske historier frå jaktene og krigseventyra sine.

Desse historiene, som blei kalla münchhausiader, blei spreidde vidare blant folk og udødeleggjorte av Rudolf Erich Raspe då han gav ut Baron Munchausen's narrative of his marvellous travels and campaigns in Russia (1785) i London. Raspe sette namnet til Münchhausen saman med ei rekke skrøner av eldre opphav.

Wikisource Baron von MünchhausenWikikilden (frie originaltekstar)