Rudolf Erich Raspe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rudolf Erich Raspe

Rudolf Erich Raspe (17361794) var ein tysk forfattar og vitskapsmann. Han er mest kjend for Baron von Münchhausens vidunderlege historier og eventyr, ei samling skrøner han skreiv om sin samtidige landsmann, Baron von Münchhausen.

Raspe var fødd i Hannover. Han studerte filologi og naturvitskap i Leipzig og Göttingen, og var universitetsbibliotekar fleire stader før han blei tilsett ved samlinga til landgreven av Hessen-Kassel. I 1775 måtte han flykta derfrå etter å ha blitt skulda for å ha stole edelsteinsamlinga han skulle passa på.

Raspe slo seg ned i England, der han dreiv med gruvedrift i Cornwall og studerte og skreiv om geologi og kunsthistorie. Han gav ut den første korte samlinga av Münchhausen-forteljingar i 1785 som ein satire over politikarar.

I 1791 måtte Raspe flykta igjen, denne gongen til Irland, etter å ha vore innblanda i ein gruvesvindel i Skottland. Her vart han verande til han døydde i County Kerry november 1794.

G.A. Bürger omsette forteljingane om Münchhausen til tysk i 1786. Han la til fleire forteljingar og blei kjend som opphavsmannen til verket. Først i 1847, i ein biografi av Heinrich Döring om Bürger, blei Raspe tilkjent opphavet til sogene.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Rudolf Erich Raspe