Friherre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dansk-norsk friherrekrone
Svensk friherrekrone
Nyere tysk friherrekrone
Eldre tysk friherrekrone

Friherre (tysk Freiherr, finsk vapaaherra) er ein adelstittel som blir brukt i den tyskspråklege delen av Europa inkludert dei baltiske statane og heile Austerrike-Ungarn, i Sverige, Finland og i noka grad òg Danmark(-Noreg). Han blir rekna som likeverdig med baron, og friherrar blir normalt òg tiltalt som «baron».

I Skandinavia blir både kona til ein friherre og døtrene hans kalla friherrinner eller baronesser. I det tyskspråklege Europa blir kona til friherren kalla Freifrau og døtrene hans Freiherrin (ofte forkorta til Freiin).

I korrekt, skriftleg omtale plasserast tittelen på dansk-norsk og tysk mellom for- og slektsnamnet, utan komma (Førenamn friherre Slektsnamn). På svensk blir han oftare plassert føre namnet (Friherre Førenamn Slektsnamn).

Den rangen både baronar og friherrar har, blir kalla friherreleg stand.

Det finst rangkroner for friherre/baron. Utforminga til rangkrona varierer mellom dei ulike landa og tidsperiodar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]