Baruch S. Blumberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Baruch S. Blumberg.

Baruch Samuel Blumberg (28. juli 19255. april 2011) var ein USA-amerikansk lækjar, nobelprisvinnar og president i American Philosophical Society. Blumberg vann nobelprisen i medisin i 1976 saman med Daniel Carleton Gajdusek.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Blumberg voks opp i Brooklyn, New York City. Han fullførte doktorgraden sin i 1957 ved Balliol College i Oxford i England. I 1976 fekk han så nobelprisen «for sine oppdagingar rundt nye mekanismar til opphavet og utspreiinga av infeksjonssjukdomar.» Frå 1964 har han vore medlem i Fox Chase Cancer Center i Philadelphia.

Blumberg har identifisert fleire farlege virus gjennom karrieren sin. Eitt av desse er Hepatitt B-viruset, som han også har utvikla ein vaksine mot.

Sidan 1977 har han vore universitetsprofessor i medisin og antropologi ved University of Pennsylvania, og frå 1989 til 1994 var han Master of Balliol College i Oxford. Frå 1999 til 2002 var han direktør ved NASA Astrobiology Institute.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Engelsk Wikipedia og bokmålswikipedia om Blumberg, henta inn 16. april 2011.