Bearahalvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 51°44′N 9°50′W

Plasseringa til Bearahalvøya

Bearahalvøya (irsk Béara) er den sørlegaste av dei store halvøyane på sørvestkysten av Irland. To fjellkjeder går langs sentrale delar av ho, Cahafjella og Slieve Miskish. Den nordlege delen av halvøya, bortsett frå nær enden av ho, ligg i County Kerry, medan resten ligg i County Cork.

Dei største turistattraksjonane her er ruinane av Puxley Mansion, Dunboy Castle og Derreen Gardens. Tidlegare i historia har ho vore maktsetet til O'Sullivan Bere-klanen og var ein av dei siste områda med gælisk motstand etter slaget ved Kinsale. Seinare vart det vunne ut mykje kopar her, noko som bevart for evig tid i romanen «Hungry Hill» av Daphne du Maurier

Utsyn frå Healy Pass og nordover til høgdene på halvøya Iveragh i horisonten

Beararingen er ei turistrute på om lag 195 km rundt halvøya. Ringen startar ved Kenmare, kryssar Healy Pass gjennom Adrigole, forbi Castletownbere, Allihies, skiljevegen til Dursey Island, Eyeries og Ardgroom, og endar i Glengarriff. Området har lenge vore knytt til sjøen og Castletownbere er ein av dei største fiskehamnene på Irland og har gode båtfasilitetar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]